Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > No kan du reise med «Beatrice» i Kristiansund

Kontaktpersonar

Ingebjørg Nergaard Ingebjørg Nergaard
Rådgivar
71 28 02 55
Send e-post

No kan du reise med «Beatrice» i Kristiansund

Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom kollektivtilbodet FRAM og Operaen i Kristiansund har gått saman for å få fleire til å reise kollektivt og få merksemd rundt familiemusikalen «Syver og Beatrice».

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Frå 30. mai og fram til forestillingene 9. og 10. juni vil midibussen som køyrer rutene 805 Skorpa-Milnbergan og 806 Øvre Bydel vere foliert heilt rosa, akkurat som «Beatrice».

30. mai tok samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune med barn frå Fløya barnehage og Myra barnehage på tur i den rosa bussen for å snakke om trafikktrygging. «Skrotskalle» frå musikalen sneik seg òg med på turene for å prate med barna.

Laurdag 9. juni kan du reise kollektivt med «Beatrice»-bussen til forestillinga. Ta rute 805 Skorpa-Milnbegan, og gå av ved Freivegen.