Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > No kan kommunane i Møre og Romsdal søke om breibandstøtte

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringsjef
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

No kan kommunane i Møre og Romsdal søke om breibandstøtte

– Møre og Romsdal kan få over 17 mill. kroner i støtte til breibandsutbygging. Men berre dersom kommunane leverer gode søknader, seier Eivind Vartdal Ryste i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nesten 150 mill. kroner frå Statsbudsjettet skal brukast til å støtte breibandsutbygging i 2018. Pengane skal brukast til å få bygd ut eit grunnleggande breibandstilbod i område der kommersielle aktørar ikkje finn det lønsamt utan offentleg støtte. Fordeling  mellom fylka er basert på dagens breibandsdekning, og den viser at behovet er stort i Møre og Romsdal. Kommunane her i fylket kan derfor søke frå ein pott på heile 17 mill. kroner i 2018.

Krev gode søknader

Men ordninga stiller også krav til kommunane. Dersom søknadane ikkje fyller krava som er sett av Samferdselsdepartementet, vil deler av Møre og Romsdal sin pott kunne bli omfordelt til andre fylke. –I motsett fall kan Møre og Romsdal få meir enn sin del, dersom vi får synleggjort at behovet er ekstra stort, og søknadane herifrå er gode, fortel Ryste.

Fylkeskommunen oppmodar kommunar med behov for breibandsutbygging om å prioritere dette arbeidet i tida fram mot søknadsfristen 15. mai. Fylkeskommunen vil bistå med rettleiing i søknadsprosessen.

Skal gi eit grunnleggande tilbod

Formålet med støtteordninga er å utløyse utbygging av eit grunnleggande breibandstilbod i område der ordinær kommersiell utbygging ikkje løner seg. For å vere eit grunnleggande tilbod må kapasiteten for kundane vere minst 10 Mbit/s. Kommunane kan også få støtte til forbetringar av tilbod som i dag er avgrensa til 30 Mbit/s.

Fylkesvis fordeling

Det er kommunane som kan søke om støtte, og som så må lyse sjølve utbygginga ut på anbod dersom ein får støtte. Fylkeskommunen vurderer og innstiller søknader ovanfor Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) som gjer vedtak om tildeling. Det er nytt av året at rammene blir fordelt fylkesvis, tidlegare har kommunane konkurrert om ein stor nasjonal pott.

Møre og Romsdal har sidan 2014 fått til saman 20,5 mill. kroner, fordelt på følgande kommunar:

  • 2014: Halsa 2,2 mill. kroner
  • 2015: Vestnes 2,3 mill. kroner, Smøla 4 mill. kroner, Gjemnes 3 mill. kroner
  • 2016: Vanylven 4,75 mill. kroner
  • 2017: Halsa 0,5 mill. kroner, Tingvoll 2,6 mill. kroner, Vanylven 1, mill kroner

–For 2018 har fylkeskommunen mål om å få utløyst minst vår del 17 mill. kroner frå ordninga, seier Ryste.