Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > No tar fylkeskommunen i bruk sikker digital post

Kontaktpersonar

Elisabet Lønset Flemmen Elisabet Lønset Flemmen
Rågivar
71 28 04 45
Send e-post

No tar fylkeskommunen i bruk sikker digital post

Frå 01.01.2019 vil Møre og Romsdal fylkeskommune gå over til sikker digital sending av post til innbyggarar, det offentlege og næringslivet.

1. januar 2019 tar Møre og Romsdal fylkeskommune i bruk sikker digital post

Fordelane er mange:

  • Med digital postkasse får du ei sikker løysing for å motta og ta vare på viktig post digitalt
  • Du mottar posten straks den er sendt frå avsendar
  • Du har tilgang til posten over alt
  • Vi sparer miljøet (mindre papirbruk, færre utskrifter og redusert transportbehov)
  • Billegare og enklare utsending

Du må ha ei digital postkasse

Skal du motta digital post frå oss, må du ha ei digital postkasse, anten e-Boks eller Digipost. Les meir om korleis du kan opprette dette på www.norge.no.

Kan du som innbyggar likevel få brev frå oss på papir?

Ja, det gjer du om:

  • du har reservert deg mot å få digital post (www.norge.no)   
  • du ikkje har oppretta digital postkasse

 Mottakarar med organisasjonsnummer kan ikkje reservere seg.

Kan du som innbyggar sende digitale meldingar og vedlegg til oss?

Ja, du kan ta kontakt via digitalt meldingsskjema, eDialog

Du loggar inn via ID-porten, eit felles og sikkert innloggingssystem for offentlege tenester. Fordelen er at du kan sende sensitiv informasjon gjennom denne løysinga. Les meir om eDialog