Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Ny økonomisjef og ny personalsjef i fylkeskommunen

Kontaktpersonar

Nils Gunnar Solli Nils Gunnar Solli
Organisasjonssjef
71 28 01 60 /
Mob. 913 28 067
Send e-post

Ny økonomisjef og ny personalsjef i fylkeskommunen

Willy Sægrov er tilsett som økonomisjef og Preben Geir Irvung er tilsett som ny personalsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Willy Sægrov

Willy Sægrov er ny økonomisjef i fylkeskommunen

Økonomisjef
Willy Sægrov (38) starta i mai opp som økonomisjef. Han kjem frå stillinga som rådmann i Lesja kommune, der han tidlegare også har vore økonomisjef. Sægrov har solid kompetanse med ein mastergrad i økonomistyring med fordjuping i investeringsanalyse frå NTNU i Trondheim. Han har brei erfaring frå både privat og offentleg sektor, og har mellom anna arbeidt som estimeringsleiar i Reinertsen AS og som kontraktsansvarleg i Statoil.

Personalsjef
Preben Geir Irvung  (40) er tilsett som personalsjef. Han kjem frå stillinga som HR-sjef ved Statens vegvesen, Region Midt, der han har arbeidt sidan 2011. Irvung har som har solid kompetanse på HR-området, med mellom anna ein master i samfunnsendring, organisasjon og leiing frå Høgskolen i Molde. Irvung tek til i stillinga som personalsjef 1. oktober.

Preben Geir Irvung

Preben Geir Irvung er tilsett som ny
personalsjef