Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Ny politisk organisering: Går frå fire til tre hovudutval

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Dag Lervik Dag Lervik
Prosjektsjef omstilling 2020
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post

Ny politisk organisering

Ny politisk organisering

Ny politisk organisering: Går frå fire til tre hovudutval

Frå komande valperiode 2919 – 2023 blir det endringar i den politiske organiseringa.

Fylkestinget vedok nyleg ny politisk struktur (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Fylkestinget vedtok denne veka ein ny utvalsstruktur, der vi går frå fire til tre hovudutval. Dei hovudoppgåvene som ligg til dagens Kultur- og folkehelseutval og regional- og næringsutval er samla i eit nytt hovudutval for kultur, næring og folkehelse. Vidare er det gjort også andre mindre justeringar av oppgåver og ansvarsområde knytt til hovudutvala. Det er og gjort endringar i tal på representantar i dei ulike hovudutvala. Det er vidare gjort endringar i rådgivande utval. 

 Vi får no desse tre hovudutvala med 13 medlemar:

  • Utdannings- og kompetanseutvalet
  • Samferdselsutvalet
  • Kultur-, næring og folkehelseutvalet

Rådgivande utval:

  • Utbyggingsutval for bygg- og vegsaker
  • Eldreråd
  • Rådet for personar med nedsett funksjonsevne
  • Ungdommanes fylkesting/ungdomspanelet

I samsvar med fagskolelova skal det vere eit fagskolestyre og etter opplæringslova skal det vere ei yrkesopplæringsnemnd.

Kontrollutvalet held fram som før.

Den nye organiseringa har tatt utgangspunkt i at fylkestinget skal ha 47 representantar.

Du kan lese heile saksframlegget her.