Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Nye søknadsfristar for Møremusikarane

Kontaktpersonar

Erlend Bilsbak
Prosjektleiar
71 28 02 98 / Mob. 976 86 398
Send e-post

Nye søknadsfristar for Møremusikarane

Frå 1.januar 2018 blir det faste fristar for å søkje om Møremusikartenester: 15.februar, 15.mai, 15.september og 15.november. 

I overgangsperioden er søknadsfristen 31.desember 2017 for arrangement som skal skje mellom 1.januar-8.mars 2018.

Den nye modellen med faste søkandsfrister er ei toårig prøveordning. Målet er å få ei god fordeling av møremusikartenestene i fylket, god økonomisk oversikt og føreseielege rammer for brukarar og administrasjon.

Handsaming av søknadene vil ta 3 veker, som betyr at søkjar vil få svar innan 3 veker etter søknadsfristen. Søknaden må difor innehalde utfyllande informasjon om arrangementet, slik at informasjon i ein eventuell kontrakt til søkjar og musikar blir korrekt og kan bli ferdigstilt.

Ein må elles søkje til ein frist som garanterar vurdering innan oppstart av prosjektet. Døme: Søk innan 15.februar dersom konserten er 20.mai. Generelt sett er det nyttig å søkje tidleg dersom ein har nok informasjon om behovet for Møremusikartenester. For større prosjekt med lang planleggingshorisont kan ein søkje på ein ekstra tidleg frist. Å søkje i god tid er også ein fordel dersom svaret blir ei avkorting av ønska omfang eller avslag. Arrangør har da tid til å sjå på anna støtte.

Endring av søknadsrutiner er handsama i Kultur-og folkehelseutvalet i sak 33/17.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på denne lenka.

FAKTA OM MØREMUSIKARORDNINGA

Møremusikarordninga skal sikre profesjonelle musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Ordninga omfattar Møre og Romsdal fylkeskommune sine fast tilsette musikarar og deira verksemd. I tillegg kan fylket engasjere andre profesjonelle frilansmusikarar til oppdrag for kulturlivet i fylket. Møremusikartenestene er subsidiert.Møremusikarane kan brukast til instruksjonsoppdrag, alle type konsertar, akkompagnering, arrangering og komponering, assistansespel i amatørensembler, medverknad i profesjonelle ensembler, kulturelle innslag ved kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.

Kven kan søkje om Møremusikartenester? 

  • Konsertarrangører av alle typer konsertar
  • Kulturinstitusjonar
  • Lag og organisasjonar
  • Det frivillige musikklivet som til dømes kor, korps, band og orkester
  • Det lokale næringslivet
  • Festivalarrangørar m.f.