Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Øystein Bråthen blir ny rektor ved Tingvoll vidaregåande skole

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post

Øystein Bråthen blir ny rektor ved Tingvoll vidaregåande skole

Øystein Bråthen (35) har takka ja til stillinga som rektor ved Tingvoll vidaregåande skole.

Portrettbilde av rektor på Tingvoll vgs. Øystein Bråthen

- Eg er svært glad for å få denne sjansen, og eg ser fram mot nye utfordringar som rektor ved Tingvoll vidaregåande skole. Vi er også veldig glade for å flytte til Tingvoll som familie og bli ein del av idrettsbygda, seier Bråthen. 

Bråthen har vore tilsett i forskjellige skoleleiarstillingar i Oslo sidan 2013. Han har no stilling som assisterande rektor ved Persbråten videregående skole, og har vore med på å utvikle og innføre toppidrettsprofilen på skolen.

- Elevane si  læring er sjølvsagt vårt viktigaste oppdrag, og eg ønsker å vere delaktig i at elevane på Tingvoll VGS skal få ut sitt potensiale. Eg gler meg til å bli kjent med elevane og dei tilsette. Saman skal vi utvikle skolen framover. 

Øystein Bråthen er lektor med idrettsfagleg bakgrunn og har vidareutdanning innan skoleleiing. Han startar opp i stillinga som rektor 1. august 2018. 

Kontaktpersonar:

Erik Brekken –fylkesutdanningssjef, mob. 481 31 291

Øystein Bråthen – mob. 416 15 642