Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Opning av Skarabakken i Herøy kommune

Kontaktpersonar

Per Ove Nydal Per Ove Nydal
Seksjonsleiar infrastruktur
71 28 01 24 /
Mob. 416 99 916
Send e-post
Henny Totlandsdal Henny Totlandsdal
Rådgivar
71 28 02 63
Send e-post

Opning av Skarabakken i Herøy kommune

Fredag 21. juni vart utbetringa av Skarabakken offisielt opna av leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristin Sørheim.

Kristin Sørheim, Mats-Andre Lied, Arne Leikanger og Arnulf Goksøyr.

(Foto : Henny Totlandsdal)

Vegstrekninga ligg mellom Fosnavåg sentrum og Fosnavåg kyrkje og var tidlegare smal, svingete og bratt. Utbetringa har gitt ein tryggare veg for dei som går og syklar og vegen har fått to køyrefelt. Det var i utgangspunktet planlagt om lag 360 meter ny veg i eksisterande trasé med fortau på begge sider av vegen. Etter avtale mellom Herøy kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vart strekninga utvida  med ca. 120 meter fortau.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som eig vegen. Prosjektet er utført av Statens vegvesen med Mats-Andre Lied som prosjektleiar og byggherre og Aurevoll & Furesund AS som entreprenør.

Prosjektet har kosta 37,5 millionar kroner. I tillegg til 360 meter ny veg, inkluderer dette kjøp av tre hus og støyreduserande tiltak for fire bustadar. Herøy kommune har finansiert i underkant av 4 millionar kroner for fortauet på ca. 120 meter.