Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Opplevingar i Møre og Romsdal til sals

Kontaktpersonar

Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Opplevingar i Møre og Romsdal til sals

Neste veke går Norwegian Travel Workshop av stabelen i Ålesund. Dette er Noregs største marknadsplass for reiselivsnæringa, og eit utstillingsvindauge for Møre og Romsdal. 

Hjørundfjorden. Foto: Mathias Fredriksson. 

Det er rekordpåmelding med 850 deltakarar. Halvparten er norske tilbydarar av opplevingar, tenester og produkt, og den andre halvparten er internasjonale kjøparar av norske reiselivsprodukt. 

I år er arrangementet utvida med 1,5 dag til «Day of Adventure», dei utanlandske turoperatørane skal ut og teste og oppleve aktivitetar i heile Møre og Romsdal, frå Atlanterhavsvegen i nord, til Geiranger og Runde i sør. 

-Dette er ei unik moglegheit for aktivitetsbedriftene i fylket å profilere seg og sine produkt for potensielle kjøparar. Erfaringane frå tidlegare NTW er at fleire kjem til fylket og lønsemda for næringa aukar, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther.

Det er Innovasjon Norge som eig arrangementet, og etter ein søknadsprosess vart Destinasjon Ålesund & Sunnmøre vertskap for 2019.

Møre og Romsdal fylkeskommune v/regional- og næringsutvalet løyvde før jul 750 000 kroner til dei delane av arrangementet som går på profilering av heile fylket, mellom anna «Day of Adventure», aktivitetar knytt til fellesarrangement og møteplassar.