Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Oppsummering frå dei første møta i Kompetansealliansen Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Øyvind Tveten Øyvind Tveten
Rådgivar
71 28 03 57 /
Mob. 922 12 429
Send e-post

Oppsummering frå dei første møta i Kompetansealliansen Møre og Romsdal

12 juni 2019 gjekk første møte i Kompetansealliansen Møre og Romsdal av stabelen. 13. juni var det eigen dag for kommunal sektor. Her finn du presentasjonar og oppsummering av funn.

Kva er kompetansalliansen?

Kompetansealliansen består av representantar frå arbeids- og næringslivet, NTNU, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og Møre og Romsdal fylkeskommune, som skoleeigar og næringsutviklar. Fylkeskommunen leier og koordinerer arbeidet. Formålet med Kompetansealliansen er å avstemme behov for kompetanse i arbeidslivet opp mot utdanningstilbodet i fylket.

Kompetansepolitikken er i endring

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad opna med å vise til nokre av dei prosessane som er starta på nasjonalt nivå, nye læreplanar, nye nasjonale utval og reformer, spesielt Markussen-utvalet. -Felles for mange av desse prosessane er at det blir peika på behovet for å både sjå på innhaldet i utdanningstilbodet, men også på kva måte det blir lagt til rette for kompetanseheving i arbeidslivet, seier Landstad.

Måten vi lærer på er i endring

Kjersti Kleven er prosjektleiar i iKuben, bedriftseigar og medlem i Ludvigsen-utvalet. Kleven tok opp utfordringa med å ikkje berre definere kva kompetanse det er behov for, men også korleis den enkelte tileignar seg kompetanse. Skolar over heile landet jobbar no med å finne ut korleis dei skal snu skolekvardagen slik at det blir rom for prøving og feiling, øving, testing og meistring.

Tiltrekke og behalde dei høgt utdanna

Professor Torger Reve frå Handelshøyskolen BI  hadde fått i oppgåve å sjå på kompetansebehovet i Møre og Romsdal sett utanfrå. Reve peika mellom anna på at det er eit stor behov for etter- og vidareutdanning som er tilpassa næringslivets kompetansebehov. Møre og Romsdal har mykje industri, og kompetansebehovet i industrien er i endring. Vi kan ikkje forvente at industrien vil stå for like høg vekst framover, den største veksten vil kome i dei kunnskapsintensive næringane.

Kva kan vi gjere?

Del to var sett av til gruppearbeid der målet var å arbeide fram konkrete forslag til kva som må og kan gjerast for å møte framtidas kompetansebehov i Møre og Romsdal. Arbeidsøkta var leia av ProtoMore. Dette er nokre av innspela som gruppene kom opp med:

  • Behov for meir praksisorientering i utdanninga gjennom case frå arbeidslivet inn i undervisninga, hospitering for undervisningspersonell og bruk av gjesteforelesarar frå arbeidslivet.
  • Synleggjere etter- og vidareutdanningstilbodet. Tilbodet er større enn mange er klar over.
  • Etablere nettverk for etter- og vidareutdanning på tvers av bedrifter og bransjar for å lære av kvarandre.
  • Etter- og vidareutdanning må vere lagt opp slik at det er mogleg å kombinere med jobb. Kurs, samlingar, modulbasert tilbod, kveldsundervisning og nettundervisning er døme.
  • Ansvaret for kompetanseheving for den enkelte arbeidstakar ligg ikkje berre til samfunnet og til arbeidsgivar, men også på den enkelte.
  • Kompetanse på leiing var trekt fram som eit viktig fagfelt. Den raske endringstakta krev mykje av leiarane. Motivasjonsteori og atferdsteori er viktige eigenskaper for å kunne leie. Med eit aukande kunnskapsinnhald i produkt- og tenesteproduksjonen trengs det fleire med høgt utdanningsnivå i organisasjonen, og det å leie fagekspertar som kan meir om faget enn leiinga utfordrar leiarrollen.

Kva skjer framover?

-Innspel som har kome gjennom Kompetansealliansen vil vi spille inn til dei najsonale prosessane som pågår. Kompetansealliansen vil bli ein årleg møteplass, men ettersom det er ein ny arena, vil vi evaluere og truleg justere innretning og form i arbeidett. Dei vidaregåande skolane, fagskolane, NTNU og høgskolane blir nå invitert til å drøfte korleis vi best kan følge opp dei innspela og behova som har kome fram, seier Landstad. 

Landstad oppmodar alle som har innspel til den vedlagte oppsummeringa frå Kompetansealliansen og kunnskapsgrunnlaget om å ta kontakt. Du kan bruke dette skjemaet.  

Vedlegg: