Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Over 1000 år gammalt tøystykke funne i myr på Holm i Rauma

Kontaktpersonar

Kristoffer Dahle Kristoffer Dahle
Arkeolog/rådgivar
71 28 03 29 /
Mob. 992 28 103
Send e-post

Over 1000 år gammalt tøystykke funne i myr på Holm i Rauma

Dersom tøystykket er så gammalt som arkeologane trur, er det eit sjeldan funn. Frå før finst det bare ei handfull i Noreg.

Har det vore ein vakker kjole? Eller flott kjortel til ein høvding? Arkeologane veit ikkje, men er sikre på at tøystykket er gammalt og sjeldan. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Det var Solfrid Holm som fann tekstilrestane i bekken ved huset sitt og deretter varsla Møre og Romsdal fylkeskommune. Både veveteknikken, tråden og funnplassen kan tyde på at tøystykket er eit oldfunn, kanskje heilt frå kring Kristi fødsel.

- Dersom funnet verkeleg er så gammalt, er det veldig sjeldan, og vi vil truleg søke midlar til dokumentere funnplassen før bekken gjør meir skade, seier arkeolog Kristoffer Dahle i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han påpeiker at funnet ikkje er lett å datere ut frå veveteknikken, og at det også kan vere frå middelalderen. Han vil no få sendt det inn til ei C14-datering som kan bekrefte dette.

- Det er uansett eit gammalt og veldig spennande funn. Vi kjenner bare til ei handfull funn av denne typen frå denne perioden i Noreg.

- Kva kan tøyet ha vore brukt til?

- Fragmenta er så små at det er vanskeleg å seie om dei stammar frå klede eller andre tekstilar som veggteppe eller emballasje, men ut frå funnplassen kan det vere sannsynleg å finne meir. Om vi greier å finne heile klesdrakter, vil det kunne seie oss mykje om dei som budde her for fleire tusen år sidan, som status og nettverk.

Gammal veveteknikk

Funnet stakk ut frå sida av bekken om lag ein meter under torva, der bekken har grave seg inn i det myrlendte området. Holm trudde det var eit stykke skinn, men etter å ha vaska det såg ho at det var vevd ull. Ho har sjølv brukt mykje tid bak veven, men kunne ikkje heilt kjenne igjen veveteknikken. Sidan funnet blei gjort så djupt under myra var ho open for at tøystykket kunne vere gammalt og tok kontakt med fylkeskommunen.

Bekk og myr

Det var her, i skråninga ved bekken, at Solveig Holm fann det vevde tøystykket. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

 

Over tusen år gammal

Arkeolog Kristoffer Dahle kunne bekrefte at funnet sannsynlegvis er svært gammalt og at det er dekt av tjukke gamle myrlag. Det blei også funne eit nytt stykke som hang ut fra samme stad.

- Vi har sendt bilete av funnet til spesialistar. Vi er framleis litt usikre på veveteknikken, men det kan vere snakk om firskafta kypert og at spinneretninga er s-spunne i både varp og veft. Denne kombinasjonen, og kor tjukk tråden er, kan tyde på at dei vevde ulltekstilane er frå århundra kring Kristi fødsel, og kanskje helst frå romertida.

Frå denne perioden er det tidligare gjort fleire gravfunn på Holm. Det er blant anna funne gamle vevlodd, og arkeologen trur at garden kan vere fleire tusen år gammal. Det er heller ikkje urimeleg at garden og tunet på eit tidspunkt kan ha vore større og at delar av dette er gjengrodd med myr. Myra bidrar til å konservere funn som ellers ville ha rotna bort, og det er i slike område det er størst håp om å finne forhistoriske tekstiler.