Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Positivt netto driftsresultat for fylkeskommunen i 2018

Kontaktpersonar

Willy Sægrov Willy Sægrov
Økonomisjef
71 28 01 94
Send e-post

Positivt netto driftsresultat for fylkeskommunen i 2018

Men med store investeringar dei neste åra og auka lånegjeld, vil den økonomiske situasjonen bli krevjande.

Årsrekneskapen vert lagt fram for fylkestinget den 8. april. Det viser eit positivt netto driftsresultat, korrigert for bundne fond på 37,9 mill. kroner.

Eit positivt netto driftsresultat viser at inntekter for året er større enn utgiftene. Fylkestinget har vedteke eit mål om netto driftsresultat på 2% av brutto driftsinntekter innan 2021. For 2018 utgjer det korrigerte netto driftsresultatet 0,7%.

Les årsrapport med årsrekneskap.

Vidaregåande opplæring er den største utgiftsposten

Totale netto driftsutgifter var i 2018 på 3 901 mill. kroner. Vidaregåande opplæring sine netto driftsutgifter var på 1 700 mill. kroner i 2018. Samferdsel er den nest største sektoren, og hadde i 2018 netto driftsutgifter på 1 575 mill. kroner. Desse sektorane står til saman for 84 prosent av fylkeskommunen si drift.

God økonomistyring og omstilling

I 2018 var investeringar i anleggsmidlar i underkant av 936 mill. kroner. Som følge av det auka lånegjelda med 340 mill. kroner. Ved utgangen av 2018 er den samla lånegjeld på 5 072 mill. kroner. Med store investeringar dei neste åra, vil lånegjelda auke betydelig. Det gjer det nødvendig å prioritere grundig i aktivitetar og tenestetilbod dei komande åra. God økonomistyring vil måtte ha høg prioritet framover.