Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Pristilboda på Nordøyvegen er opna

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post

Pristilboda på Nordøyvegen er opna

Fire entreprenørar konkurrerer om hovudkontrakten på Nordøyvgen. Kontrakten inneheld bygging av tre undersjøiske tunnelar, tre bruer, ein miljøtunnel og vegbygging mellom Harøya og Skjeltene i Sandøy og Haram kommune.

Det er planlagt tideling før fellesferien, og signering av kontrakten etter at fylkestinget har behandla saka i september. 

- Statens vegvesen har gjort ein god og omfattande jobb mot entreprenørbransjen både lokalt og nasjonalt. Det har vore god konkurranse om oppdraget og prisane vi har fått inn viser kva kontrakten er verdt i marknaden pr. i dag, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune skal no kontrollrekne tilboda og gå igjennom all dokumentasjon før det blir avgjort kva entreprenør som får oppdraget.

Du kan lese meir på nettsidene til Statens vegvesen