Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Rekordmange søkarar til ungdomsmidlane

Rekordmange søkarar til ungdomsmidlane

Etter rekordmange søknader, har Ungdomspanelet fordelt ungdomsmidlane på 125 000 kroner.

Ungdomspanelet har fordelt 125 000 kroner i støtte til ulike formål for ungdom. 

Det var stor variasjon i søknadane, og midlane har vorte tildelte alt i frå Paintballbane, ballettskole til Lavvo telt. -Vi ser at engasjementet til ungdommane i fylket er stort og dette er noko som gledar oss stort, seier leiar i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė.   

13 prosjekt får midlar

Av 39 søknadar, var det 13 som fekk midlar. Kvart år deler ungdomspanelet ut 250 000 kroner til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Fristane for å søke er 1. april og 1. desember. 

Tilskotet blir gitt til prosjekt som stimulerer ungdomsengasjement i fylket og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. 

Desse har fått støtte våren 2018:

Søkar Kommune Søker midlar til Tilsagn
HerøyLAN v/Carl-Henrik Moltumyr Herøy Innkjøp av Funnballs 10 000
Rauma Mini-Con Rauma Sommarcamp 23.--24. juni 1500
Ørsta og Volda ballettskule v/ S. Hill Ørsta Vårshow 2018 5000
Gjemnes ungdomsklubb v/Olav Nilssen Gjemnes Utstyr til Gjemnes ungdomsklubb 18600
Hjørundfjord kulturvernlag v/S. R. Hill Ørsta Ungdomsdel på Fonndokumentasjons. 10 000
Møst barneteater v/Lars Erik Flatøy Kristiansund Kjøp av mikrofonar (mygg) 10 000
Ytre Gurskøen ten-sing v/Wenche G. Sætre Herøy Støtte til kjøp av utstyr 6000
Moldespeiderne v/Bjørn Erik Hjellset Molde Mobil hinderløype 15 000
Kristiansund sjakklubb v/Roger Hojem Kristiansund Støtte til sjakkopplæring 12 000
Grimstadhøgda 4H v/Ann Marit Vikan Tingvoll Innkjøp avWiglo lavvo/telt 7500
Bell ungdomsklubb v/Ingunn Røyset Ulstein Skrivekurs for ungdom 400
Rensvik Paintballklubb v/May W. Uran Kristiansund Bygging av paintballbane i Sødalen 17 000
Ungdomsklubben Ørskog Ørskog Innkjøp av shuffleboard 12 000

 

-Vi fekk heile 39 søknader, det er vi veldig glade for. Det er eit bevis på at unge i Møre og Romsdal er engasjerte og prøver å få til det som bidreg til betre ungdomsmiljø i fylket. Vi håper på mange søknader til neste frist, som er 1. desember, seier Karanauskaitė.

Kontaktpersonar: