Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Samarbeid om friluftsliv i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Even Tranmæl Even Tranmæl
Rådgivar
71 28 01 34 /
Mob. 476 44 445
Send e-post
Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Samarbeid om friluftsliv i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen har eit ansvar for allment friluftsliv og forvalting av friluftslivsområde.

Foto: Even Tranmæl

Vi har også i oppgåve å handheve og informere om allemannsretten. Dette gjer vi mellom anna ved å passe på at allmenta sine interesser blir tatt i vare i kommunale plansaker. Vi tek imot søknader om statleg sikring av friluftsområder og gir tilskot til skjøtselstiltak.

Fylkeskommunen skal også stimulere til, og vere ein pådrivar for, at innbyggjarane kan drive miljøvennleg friluftsaktivitet.

Det gjer vi mellom anna gjennom morotur og Stikk ut.

Kommunar, interkommunale friluftsråd og friluftsorganisasjonar er viktige samarbeidsparter for å fremme eit aktivt og godt friluftsliv i fylket.

Meir informasjon om friluftsliv i Møre og Romsdal finn de her: