Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Samling i Geiranger for opplæringskontora

Kontaktpersonar

Bjørnar Loe Bjørnar Loe
Seksjonsleiar
71 28 03 06 /
Mob. 920 86 609
Send e-post

Samling i Geiranger for opplæringskontora

Sist veke arrangerte utdanningsavdelinga ei av to årlege samlingar med opplæringskontora i fylket. Tema for samlinga var samarbeid og kvalitet i fag- og yrkesopplæring og det var eit spanande program med ulike foredragshaldarar. 

På samlinga deltok meir enn 60 personar som alle har som mål å auke kvalitet i fag- og yrkesopplæring.

Assisterande fylkesutdanningssjef, Rune Solenes Opstad, opna samlinga etterfulgt av seksjonsleiar Bjørnar Loe. 2018 er yrkesfagenes år og fleire av foredraga omhandla korleis vi skal framsnakke yrkesfag, og få fleire til å engasjere seg rundt dette. Blant andre så var Ungdomspanelet med for å halde foredrag om korleis dei jobbar for å løfte fram yrkesfaga og skaffe fleire læreplassar.

Torbjørn Digernes la fram statistikk som viser at fylket vil trenge fleire fagarbeidarar i framtida. Utdanningsavdelinga og opplæringskontora vil fortsette å arbeide for at fleire skal bli lærebedrifter for å utdanne neste generasjons fagarbeidarar.

Rune Solenes Opstad
Torbjørn Digernes
 
Ungdomspanelet
Nina Skovly
 
Vel yrkesfag
Bergljot