Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Signerte busskontrakt for Ålesund, Giske, Sula og Skodje

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post

Signerte busskontrakt for Ålesund, Giske, Sula og Skodje

 I dag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Vy Buss AS kontrakten etter at selskapet vant anbodet om å levere rute- og skolekøyringa i kommunane Ålesund, Giske, Sula og Skodje frå 1. januar 2021.

Hallstein Lillevik, områdesjef i Vy og Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune signerte busskontrakt for Ålesund, Giske, Sula og Skodje. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

– Kontrakten har ein årleg verdi på omlag 126 millionar kroner, og vil gjelde fram til 30. juni 2030. Bussane skal køyre 3,4 mill. rutekilometer i året, fortel samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Vi ser fram til å fortsette samarbeidet med Vy. Det er ein operatør vi arbeider nært med allereie, seier Fuglseth.

Vy Buss er glade for å ha nådd opp i konkurransen om denne kontrakten.

- Ålesund med omegn er eit viktig område for Vy, seier Hallstein Lillevik, områdesjef i Vy.

- Vi ser fram til, i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane,  å vere med å utvikle kollektivtransporten i Ålesund, Giske, Sula og Skodje i åra framover. Denne anbodspakken viser at fylkeskommunen satsar i dette området med fleire avgangar og med fokus på miljøvennlege løysningar med både elektriske- og Euro 6 – bussar, avsluttar Hallstein Lillevik.   

Fleire reisande og fleire avgangar

Møre og Romsdal fylkeskommune har dei siste åra utvida rutetilbodet i Ålesund-området, og sidan 2013 har talet bussreisande auka med 10,2 prosent. Kontrakten gir rom for å auke rutetilbodet ytterlegare, både med hyppigare avgangar og lengre opningstid. Blant anna blir tre leddbussar tekne i bruk for å betre passasjerkapasiteten på Borgundvegen mellom Moa og sentrum.

Nye bussar med ny teknologi

Alle bussane som blir brukt i kontrakten skal tilfredsstille Euro 6-krava med tanke på utslepp. I tillegg skal ti elektriske bussar saman køyre minst 750.000 kilometer årleg frå 2021. Dette utgjer 22% av den samla rutekøyringa. Elbussane vil bli brukt på byrutene blant anna på strekninga Hessa-sentrum-Moa-Myrland. Gjennom avtalen blir operatøren motivert til å bruke dei elektriske bussane så mykje som mogleg. Utviklinga av batteriteknologi går fort, og det kan komme nye bussar på marknaden som passar betre til dei lokale behova. Kontrakten opnar for at det kan settast inn ny og reinare teknologi i avtaleperioden.

Miljøkrava vil gi ein reduksjon i utslipp frå bussane på 840 tonn CO2 per år. NOX blir redusert med 97,5 % og svevestøv (PM) blir redusert med 89%.

Alle bussane vil ha FRAM-profil

Bussane som skal bli brukt til rute- og skolekøyring i Ålesund, Giske, Sula og Skodje vil fortsette å vere profilerte som FRAM, kollektivmerkevara til fylkeskommunen.

- Med felles profilering vil bussane vere enkle å kjenne igjen for dei reisande, seier Fuglseth.