Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Sju verneverdige fartøy får til saman 1 000 000 kroner

Kontaktperson

Marit Nerås Krogsæter
leiar i kultur- og folkehelseutvalet
mob. 918 32 844

Sju verneverdige fartøy får til saman 1 000 000 kroner

-Vi er godt nøgde med at vi kan dele ut tilskot til sju fartøy som alle har ein viktig kulturhistorisk verdi for fylket vårt. Vi legg vekt på fartøy som allereie er verna, og har eit godt støtteapparat ikring seg. Samstundes er det viktig at tiltaka er realistiske og gjennomførbare, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Dette er tredje gong fylkeskommunen køyrer denne ordninga som er eit samarbeid med Riksantikvaren. Fylkeskommunen og Riksantikvaren bidreg med halve tilskotsummen kvar, slik at den totale summen for 2018 blir 1 000 000. Av totalt ni søkarar har sju fått tilskot til istandsetting og vedlikehaldstiltak.

Desse har fått tilskot: 

Namn på fartøyet Byggeår og funksjon Kommune Tildelt kroner

 

M/S Polarstar

1947 / Selfangstskute Hareid 150 000
S/B Sundbåten Rapp sundbåt frå 1958 - 2014 Kristiansund 70 000

 

Slukk II

1938 / Brann-sprøyte Kristiansund 379 000
M/S Hindholmen 1916, fiskefartøy Ørsta 115 000

D/S Thorolf

 

1910 / agentbåt Ålesund 120 000
M/K Svanen 1937 / Reketrålar Aure 16 000

RS76 G.Unger Vetlesen

 

1968 / Rednings-skøyte

 

Kristiansund 150 000