Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Skal få fleire jenter til å søke elektrofag

Kontaktpersonar

Åse Vatne Riksfjord Åse Vatne Riksfjord
Rådgivar
71 28 03 85 /
Mob. 959 32 159
Send e-post

Skal få fleire jenter til å søke elektrofag

Tradisjonelle førestillingar om kvinner og menn lever fortsatt i ungdomen sitt bilete av kva moglegheiter dei har. I praksis vel gutar og jenter svært kjønnstradisjonelt og arbeidsmarknaden er fortsatt prega av sterk kjønnsdeling. Dette til tross for at jenter og gutar i prinsippet fritt kan velje den utdanninga og det yrket dei ønskjer. Fylkeskommunen vil no sette i gang ulike tiltak for å få fleire jenter til å velje elektrofag. Prosjektet skal gå frå 2018-2020.

Det er hevda at dei einkjønna utdanningane og yrka er ein av de største utfordringane for det aktive likestillingsarbeidet framover og dermed ei sentral demokratisk utfordring for skolen.

For å få meir fart på jenterekrutteringa til dei tradisjonelle guteyrka skal vi i Møre og Romsdal starte eit prosjekt i region Nordmøre og Romsdal frå 1.august 2018. Prosjektet skal gå over 2 år. Når 2 års perioden er omme, ønskjer fylkeskommunen å måle effekten av tiltaket mot Sunnmøre, som ikkje deltek i prosjektet. Anne Hilde Moldver, som til dagleg underviser på elektrofag ved Romsdal vidaregåande skole, skal være prosjektleiar og ha ansvar for å gjennomføre dette prosjektet.

Plana er at ho skal nytte 20% av stillinga si til å arbeide med å få innpass i ungdomsskolane i Nordmøre og Romsdal. Ho skal møte og informere elevar, lærarar, rådgivarar (eventuelt delta på rådgivarsamlingar) og foreldre for å auke andelen jenter som søker elektrofag. Ho skal drive marknadsføring og legge til rette for arbeidet som rollemodell, folkeopplysar og samarbeidspart og delta aktivt på karrieredagane i Nordmøre og Romsdalsregionen.

   

Ho skal snakke med og informere jenter om kva faget inneber, og ho skal la elevar få snakke med lærlingar, nyutdanna og elevar innan elektrofag. Ho skal invitere til praksiskveldar og ta spesielt godt vare på dei jentene som vel elektrofag, lage eigne nettverk, jentelunsj og mykje anna.