Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Skal registrere tilstanden til Den Trondhjemske postveg

Kontaktpersonar

Anna Eline Eneberg
Rådgivar - museum og kulturarv
71 28 02 94
Send e-post
Elin Kanck Lorentzen
Rådgivar
71 28 03 28 / Mob. 990 27 502
Send e-post

Skal registrere tilstanden til Den Trondhjemske postveg

No tek fylkeskommunen fatt på å vurdere tilstanden til Den Trondhjemske postveg. Vegen strekk seg stykkevis og delt gjennom åtte kommunar frå Stranda i sør til Gjemnes i nord. Vegen var den første hovudvegen mellom Bergen og Trondheim, og er det lengste kulturminnet i fylket.

Ein del av den Trondhjemske postvegen går over Ørskogfjellet.
Foto: Chlewicka Izabela Agnieszka, Statens vegvesen

Arkeolog Siw Helen Myrvoll Grønland er tilsett for å ta fatt på arbeidet med å tilstandsregistrere vegen. –Sist vegen var kartlagt var i 1993-1995, så no er det på tide med ei ny vurdering. Det største målet med kartlegginga er å på sikt å få postvegen inn under Nasjonal transportplan. Grønland sitt arbeid blir derfor eit viktig grunnlag, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Den Trondhjemske postveg vil få auka merksemd i åra som kjem, fram mot Noreg sitt tusenårsjubileum, men det er fortsatt mykje innsats som skal til for å kunne bruke og formidle vegen. Arbeidet med postvegen er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen, Region Midt og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dette er Den Trondhjemske postveg

Den Trondhjemske Postveg vart bygd på slutten av 1700-tallet og starten av 1800-tallet. Byggearbeidet vart leia av generalveimester Christopher Hammer i Bergen og generalveimester Nikolai Fredrik Krogh i Trondheim Amt. Arbeidet vart utført av bønder som hadde pliktarbeid og var den fyrste kjørevegen for hest og kjerre på Vestlandet.

Er du grunneigar og ønsker meir informasjon eller å komme med innspel til arbeidet? Ta kontakt med arkeolog Kristoffer Dahle, kristoffer.dahle@mrfylke.no