Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Tor Petersen Tor Petersen
Rådgivar
71 28 04 46 /
Mob. 943 80 534
Send e-post

Skole-NM 2018

Skole NM i elektro, TIP, design og handverk, bygg og anlegg, service og samferdsel vart halde i Hedmark 11.- 12. april. Konkurransane fant stad på Ringsaker videregående skole, Hamar Katedralskole, Håndverksskolen på Dovre (i Oppland), Elverum videregående skole og Solør videregående skole.

Kim Teeyeong, gull i design og saum

Kim Taeyeong, Borgund vgs, Møre og Romsdal med gull i design og saum

Elevar frå Møre og Romsdal fylkeskommune deltok i faga kulde og varmepumpemontør, automatisering (lag på to), industrimekanikar, manuell maskinering, sveising, bilfag, lette køyretøy og billakkering/bilskade, interiør og utstillingsdesign, design og saum.

Vi vil gratulere alle våre deltakarar med flott innsats og spesielt:
Kim Taeyeong, Borgund vgs, Møre og Romsdal med gull i design og saum.
Anton Nautnes, Romsdal vgs, Møre og Romsdal med sølv i industrimekanikar.
Ole Martin Glåmen, Haram vgs, Møre og Romsdal med bronse i kulde- og varmepumpemontør.

Sjå Resultat frå Skole-NM 2018 på Hedmark og i Oppland og sjå bilde fra konkurransane her.

Sjå omtale på Borgund vgs og Romsdal vgs. Borgund vgs har fått en Norgesmester. Fylkesmeisterskap TIP 2018

Romsdal vgs. gjorde det bra i norgesmesterskapet for yrkesfag!

Sjå avslutningsseremoni og premieutdeling skole-NM 2018.

I veke 17 frå 25.- 26. april vert det konkurrert i restaurant- og matfag i Trøndelag. Vi vil ynskja deltakarane våre Filmom Teweldemedhin, servitør, og Gro Elisabeth Belsaas, kokk, lykke til i desse konkurransane.

Skole NM 2018
 
Skole NM 2018
Jonas og Anton representerte Romsdal vgs under NM i yrkesfag
 
Skole NM 2018