Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Slik blir overgangen frå verdikort på ferje til AutoPASS ferjekort

Slik blir overgangen frå verdikort på ferje til AutoPASS ferjekort

Som tidlegare varsla, vil verdikorta på ferjer bli fasa ut i månadsskiftet juni/juli. Det betyr at frå og med 1. juli må du ha eit AUtoPASS ferjekort for å få rabatt på ferjene. Her finn du svar på dei mest vanlege spørsmåla for overgangen til AutoPASS. 

Kva er tidsfristen for å få tilbake restbeløpet på eit verdikort?

Dersom du fortsatt har pengar igjen, har du tre år på deg for å få dei tilbake. Tidsfristen er 3 år frå 1. juli 2019 (jamfør riksregulativet punkt 12.6.1.4.).

Du kan ta direkte kontakt på ferja eller med ferjeselskapet

Du kan kontakte mannskapet ombord på ei ferje som høyrer til det ferjeselskapet der du tidlegare har kjøpt verdikort. Dei vil svare på spørsmål om korleis du kan få refundert restsaldo på kortet. Sjå informasjon om rutinar for dei ulike ferjeselskapa under.

Dersom du ikkje skal innom eit ferjesamband, men ønskjer å få refundert saldoen, kan du kontakte det aktuelle ferjeselskapet direkte. Les meir på www.autopassferje.no

Vil du bestille AutoPASS ferjekort, men manglar tilgang til internett ? 

Då kan du ringe telefonnummer 55 30 00 00. Du får da tilsendt eit skjema per post som du skal fylle ut. Dette sender du tilbake til AutoPASS ferje, og så vil du få tilsendt eit AutoPASS ferjekort.

Informasjon frå Fjord 1

Informasjon frå Nordled

Informasjon frå Torghatten Trafikkselskap

   

Her kan du lese meir om AutoPASS for ferje i Møre og Romsdal