Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Stort engasjement på elevrådskonferansen

Kontaktpersonar

Tove Regine Stranden Tove Regine Stranden
elev- og lærlingombod
71 28 04 66 /
Mob. 993 01 564
Send e-post

Stort engasjement på elevrådskonferansen

19 av dei vidaregåande skolane i fylket var samla på Vestnes til konferanse om elevråd. - Elevrådskonferansen er meir enn å berre lære om elevrådsarbeid, det er også om å lære å bli kjent med folk. Det fører til eit stort fellesskap mellom elevråda i Møre og Romsdal. Det gir oss ein betre moglegheit til å dele kunnskap og erfaringar, seier Hannah Wollen Strand, deltakar på konferansen og leiar i elevrådet ved Stranda vidaregåande skole.

Elevrådskonferansen hausten 2018 - Vestnes

25.- 26. september 2018 vart det arrangert Elevrådskonferanse for leiar og nestleiar i elevråda ved dei vidaregåande skolane i fylket. Målet med konferansen, som blir arrangert kvart år, er å gi dei som skal leie elevrådet eit godt utgangspunkt til å gjere jobben. Programmet er satt saman med ei blanding mellom informasjon, verktøy og arbeid i grupper.

I tillegg til å arbeide med korleis ein kan vere ein god leiar, har det vore jobba med korleis ein kan gi elevråda gode rammer for å ha ein reel moglegheit til å påverke på skolen og korleis elevråda kan bli meir synleg på skolen i lokalsamfunnet.

Elevrådet sitt arbeid for skolemiljøet

Elevråd er ein lovfesta rett, og dei skal jobbe for eit godt læringsmiljø og elevane sine arbeidsforhold og velferdsinteresser. Elevane skal ha ein stemme inn i arbeidet som skjer på skolen. Rune Nordhaug presenterte Atlanten vidaregåande skole sitt arbeid med eit godt skolemiljø, der eleven er i sentrum, som eit godt eksempel på korleis ein kan jobbe bevisst og systematisk med skolemiljø.

Ung medverknad

Elevane har også andre kanalar for elevstemma, og noko av det ble presentert på Elevrådskonferansen. Ungdomspanelet og Elevorganisasjonen er viktige organ for ungdomsmedverknad, og deira arbeid blei presentert.  Leiar for utdanningsutvalet, Bjarne Elde, presenterte utvalet sitt arbeid, og oppfordra ungdommen til å stille til val som elevrepresentant i utdanningsutvalet. Utvalet ønsker ungdommen sin stemme inn i arbeidet dei gjer. Det blir valt to elevrepresentantar og to vararepresentantar til utvalet på konferansen.

Kristin Vonheim og Monica Solheim frå utdanningsavdelinga i fylkeskommunen avslutta med ein presentasjon av arbeidet og satsingsområda til fylkeskommunen no, følgd opp av livlig og engasjerande diskusjon omkring dei ulike temaa som blei presentert. - Samlinga viste fram kor mykje fantastisk bra ungdom vi har i fylket! Stort engasjement og mange gode innspel til elevmedverknad, var kommentaren frå Kristin Vonheim etter diskusjonen med elevane.