Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Surnadal kommune har fått midlar til rekonstruksjon av 1000 år gamal veg

Kontaktpersonar

Bjørn Ringstad Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 28 04 39 /
Mob. 414 58 971
Send e-post
Guro Dehli Sanden Guro Dehli Sanden
Arkeolog/Rådgivar
71 28 03 26
Send e-post

Surnadal kommune har fått midlar til rekonstruksjon av 1000 år gamal veg

Surnadal kommune har fått midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren til etablering av ein kultursti basert på 1000 år gamal handverkstradisjon. Den nye kulturstien, skal ha startpunkt ved Åsen bygdemuseum på Eidet i Surnadal kommune.

Ein kavlveg er ein gamal veg, ofte bygd av halvkløyvde stokkar som er festa saman, slik at folk kunne gå tørrskodd over våte myrområde. 

Måndag 18. juni arrangerte Surnadal kommune eit avsparksmøte på Åsen bygdemuseum, der alle dei som har interesse av prosjektet var velkomne til å møte.

Kjennskap til kulturminne og gamal handverkstradisjon

Stien er planlagd som ein rundtur der turgåarane vil få kjennskap til lokale kulturminne og gamal handverkstradisjon ved å bevege seg i landskapet. Turen vil vere skilta med informasjonsskilt om kavlvegane, den Trondhjemske postveg, helleristningsteinen på Åsen. På delar av turen vil ein gå på ein rekonstruksjon av ein gamal kavlvegen som er funne på Eidet. Ein kavlveg er ein gamal veg, ofte bygd av halvkløyvde stokkar som er festa saman, slik at folk kunne gå tørrskodd over våte myrområde.

-Prosjektet har vokse seg større enn først tenkt, og har potensiale for ny kunnskap om gamle handverksteknikkar, ferdsel i eldre tider og korleis vi kan bruke dette til skånsam tilrettelegging av turstiar i myrområde. Kunnskapen vi vil tileigne oss i prosjektet vil vere nyttig for andre kommunar, også utover Møre og Romsdal, seier arkeolog og rådigvar Guro Dehli Sanden i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Eit prosjekt med stor overføringsverdi

Møre og Romsdal fylkeskommune prioritert Surnadal kommune sin søknad. Den sto som nr. 1, på vår anbefalte liste over prosjekt som det i 2018 vart søkte støtte om frå Riksantikvaren. Riksantikvaren har i 2018 gitt 370.00 kroner  i tilskot for opparbeiding av første del av prosjektet. Surnadal kommune er også oppfordra om å søke meir midlar i 2019, for fullføring av prosjektet. Møre og Romsdal fylkeskommune har alt bidrege med støtte til forprosjektet. For å sikre at Surnadal kommune har god framgang i prosjektet gir nå Møre og Romsdal fylkeskommune eit tilskot på 180.000 kr, som skal gå til prosjektleiing av kulturstien.

-Dette prosjektet kan få stor overføringsverdi, og vil kunne gjelde mange andre turstiar i myrlendt område i vårt fylke og elles i landet. Med å bruke ein slik byggemåte håpar ein å kunne hindre uønska inngrep i sårbare område som ein samtidig ønsker å tilerettelegge for folk, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad.  

 

Bilde som viser området for KULtursti i Surnadal kommune

Her er landskapet som turstien skal gå i

Bilde som viser frammøtte på informasjonsmøte om ny kultursti i Surnadal

Mange hadde møtt fram for å høyre meir om Kulturstien og lære om gamle handverkstradisjonar

Bilde av Rester av den gamle kavlvegen er fortsatt synleg i myra. Foto Møre og Romsdal fylkeskommune

Restar av den gamle kavlvegen er fortsatt synleg i myra. Foto Møre og Romsdal fylkeskommune