Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Tolv ungdomsprosjekt har fått tildelt midlar frå ungdomspanelet

Tolv ungdomsprosjekt har fått tildelt midlar frå ungdomspanelet

Før nyttår delte ungdomspanelet ut 125 000 kroner til ungdomsprosjekt omkring heile fylket. Det var mange forskjellige prosjekt som ville ha støtte i år, og midlane har blitt tildelt alt frå utbygging av motorcrossbane, lys- anlegg og sjakkbrikkar.

Leiar i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė, håpar på minst like mange søkarar til neste søknadsfrist, som er 1. april 2019 

–Søknadane viser at det er kreative ungdommar der ute, og at hobbyar og fritidsaktivitetar av alle slag engasjerer heile tida til utvikling av tilboda for ungdom i fylket. Dette gledar vi oss stort over, seiar leiar i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė.

Av 36 søknadar fekk 12 utdelt midlar. Kvart år delar ungdomspanelet ut 250.000 kroner til ekstraordinære ungdomsaktiviteter rundt om i fylket. Fristane for å søkje er 1. april og 1.desember.

Tilskotet blir gitt til prosjekt som stimulerer ungdomsengasjement i fylket og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.  

Mottakarar: Har søkt om støtte til: Beløp:
Bergsøy skulekorps Trommeriser 11750
Batnfjorden ungdomslag Innkjøp av lysutstyr 15000
Ørskog skolekorps Draktstøtte 5750
Ukulturskolen Utstyr 20000
Gossen motorklubb Uteområde for atv 5000
Skodje kommune Air hockey bord og høyttaler 10000
Ørsta og Volda Ballettskule Vårshow 7000
Ålesund sentrumsforening Ålesund Pride 2019 500
Ungdomslaget Solglyt Kostymer til 125-årsjubileum 10000
Kristiansund sjakklubb Utstyr til sjakkfestival og opplæring 20000
Hjørungavåg KFUK-KFUM Kjøp av kanoer 10000
Øyvind Uran Motorcrossbane 10000
Sum:   125 000

 

-Vi fikk til saman 36 søkjarar, noko som viser at det ikkje er mangel på engasjement, og det viser at det ikkje skal mykje til for å skape noko spennande og gøy for ungdom i fylket, det er vi veldig glade for! Vi håpar på minst like mange søkjarar til neste frist, som er 1. april 2019, avsluttar Karanauskaitė.

 

Kontaktpersonar: 
- Urtė Karanauskaitė, leiar, mob. 925 69 071, e-post: xdent@hotmail.com
- Ole August Iversen, nestleiar mob. 472 17 921, e-post: oleaugustiversen@gmail.com