Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > UKM-fylkesfestival 2018 avvikla i Stordal

Kontaktpersonar

Ragnhild Holsvik Ragnhild Holsvik
Seksjonsleiar
71 28 04 79 /
Mob. 416 29 185
Send e-post

UKM-fylkesfestival 2018 avvikla i Stordal

Helga 27.-29.april samla nær 400 ungdommar seg i Stordal til UKM fylkesfestival (tidlegare fylkesmønstring). Seks framsyningar med 95 sceneinnslag blei gjennomført i Stordalshallen, 48 kunstnerar hadde utstilling på bedehuset og 10 ulike verkstader blei gjennomført. Den viktigaste møteplassen for ung kultur blei ei innhaldsrik helg. 

Elise Romundstad frå Tingvoll. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/ UKM Media

UKM i Møre og Romsdal er ein av dei tre største fylkesfestivalane i Norge.  Arrangementet blei gjennomført av Møre og Romsdal musikkråd, Stordal kommune, Molde Live, UKM Media, Unge arrangangørar (UA), Møre og Romsdal fylkeskommune, 200 frivillige og 40 reiseleiarar frå komunane.

Klikk her for å sjå film frå framsyningane, kunstutstillinga og stemningsrapport frå helga.

25.-26.juni reiser UKM Møre og Romsdal til UKM festivalen (tidlegare landsmønstring) med eit 30-tals ungdommar. Klikk her for å sjå kven som er tatt ut til å representere Møre og Romsdal på UKM-festivalen.