Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Undersøkingar om reisevanane i Kristiansund kommune og reisevanane mellom Averøy og Kristiansund

Kontaktpersonar

Frode Kvalheim Frode Kvalheim
Rådgivar
71 28 02 57 /
Mob. 930 63 780
Send e-post
Christoffer Fatland Lie
Rådgivar
71 28 02 72 /
Mob. 995 38 007
Send e-post

Undersøkingar om reisevanane i Kristiansund kommune og reisevanane mellom Averøy og Kristiansund

Frå veke 12 til etter påska vil vi gjennomføre to undersøkingar på nett. Fordi vi for tida arbeider med rutene til den lokale kollektivtransporten i Kristiansund kommune og kollektivtransporten mellom Averøy og Kristiansund.

Foto: Terje Aamodt

For å få planlagt ruteopplegget godt, treng vi å vite reisevanane til innbyggarane i kommunen og reisevanane til andre som reiser mellom Averøy og Kristiansund.

Undersøkingane er laga både for dei som reiser kollektivt i dag og som reiser på andre måtar.

Alle svara i undersøkinga er anonyme. Vi vil gjerne ha eitt svar frå kvar person.

Du kan vere med i trekninga av tre hurtigladarar!

Her kan du svare på undersøkinga om reisevanar i Kristiansund kommune.

Her kan du svare på undersøkinga om reisevanar mellom Averøy og Kristiansund.