Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Ungdomspanelet har gitt 13 ungdomsaktivitetar støtte på totalt 125 000 kroner

Ungdomspanelet har gitt 13 ungdomsaktivitetar støtte på totalt 125 000 kroner

Ballettshow, innovasjonscamp, utstyr til ungdomsklubb, escape room, sveiseverkstad og gjennomføring av skredkurs er nokre av tiltaka som har fått tildelt midlar av ungdomspanelet.

- Talet på søknader og den store breidda i aktivitetar og tiltak det blir søkt støtte til, viser at det er eit stort engasjement for å skape fleire og betre aktivitetar for ungdom i fylket vårt. Vi i ungdomspanelet er derfor glade for at vi får vere med å realisere nokre av dei via ungdomsmidlane, seier leiar av ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė.

Av 37 søknadar fekk 13 utdelt midlar. Kvart år delar ungdomspanelet ut 250 000 kroner til ekstraordinære ungdomsaktivitetar rundt om i fylket. Fristane for å søke er 1. april og 1. desember.

Tilskotet blir gitt til prosjekt som stimulerer ungdomsengasjement i fylket og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.  

- Neste frist for å søke om ungdomsmidlane er 1. desember. Du finn meir informasjon og søknadsskjema på mrfylke.no/ungdomsmidlane, avsluttar Karanauskaitė.

Mottakarar: Har søkt om støtte til: Beløp:
Ørsta og Volda ballettskule Vårshowet 2019 5000
Grotta ungdomsklubb, Nesset "Jo flere jo bedre" / Innovasjonscamp 15300
Ungdomsrådet i Hareid kommune Tilskot til utstyr 10000
Skodje ungdomsråd Utstyr til ungdomsklubben 9000
Gjemnes ungdomsklubb Utstyr til ungdomsklubben og Batnfjord skole 11000
Sunnmøre Data og kultur Innkjøp av deltaker-switcher 10000
Blindheim Idrettslag Trafikksikring 5600
URG i Møre og Romsdal, Eide Midlar til UKM fylkesmønstringer 8500
Moldespeiderne Moldespeidernes escaperoom 10000
Gossen Motorklubb Utstyr til sveiseverkstad 15000
Molde Basketballklubb Drakter 5600
DNT Romsdal Gjennomføring av skredkurs 12000
Smøla Ungdomsråd Utstyr til paintballverksemd 8000

 

Kontaktpersonar: 
- Urtė Karanauskaitė, leiar, mob. 925 69 071
- Ole August Iversen, nestleiar, mob. 472 17 921