Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Uttale om organisering av Statens vegvesen

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Uttale om organisering av Statens vegvesen

Fylkesutvalet skal måndag behandle forslag til uttale om framtidig organisering av Statens vegvesen. 

Gjennom den foreslåtte nye organiseringa av vegvesenet blir 250 statlege arbeidsplassar «sett i spel» i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen meiner det er gode grunnar for at desse må bli verande i fylket.  

Frå 1. januar 2020 blir 1650 – 1800 årsverk overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane. For Møre og Romsdal ser det ut til at dette gjeld om lag 120 tilsette. Møre og Romsdal har i tillegg hatt regionkontoret for Midt-Norge, som omfattar både Trøndelag og Møre og Romsdal. Og til saman er det snakk om 370 arbeidsplassar, altså 250 i tillegg til dei 120 som skal overførast til fylkeskommunen. 

Forslaget til uttale lyder:

Møre og Romsdal fylkeskommune syner til det pågåande arbeidet med framtidig organisering av Statens vegvesen frå 1.1.2020 og vil gi slik uttale som blir sendt til statsråden, samferdselsdepartementet, vegdirektøren, tilsette sine organisasjonar i Statens vegvesen og Mørebenken:

  1. Møre og Romsdal fylkeskommune har med interesse lest utgreiinga om framtidig organisering av Statens vegvesen og følgjer Vegdirektøren sitt resonnement om at ei organisering i funksjonsinndelte divisjonar med landsdekkande ansvar synest å vere ein god modell for å møte framtidige utfordringar innafor den statlege delen av vegsektoren.
  2. Møre og Romsdal har så langt hatt hovudkontor for region Midt og blir såleis i stor grad direkte berørt av den foreslåtte omorganiseringa frå region til divisjon. Fylkesutvalet legg til grunn at omorganiseringa ikkje fører til reduksjon i tal tilsette i Statens vegvesen her i fylket -  bortsett frå dei overføringane som skal skje til fylkeskommunen. Ein viser her både til den underdekkinga Møre og Romsdal har av statlege arbeidsplassar og Regjeringa sine eigne retningsliner for lokalisering av statlege arbeidsplassar som ledd i ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk
  3. Som eit konkret innspel, vil Møre og Romsdal fylkeskommune foreslå:
    1. At divisjonsleiinga for ein av dei seks føreslegne divisjonane blir lagt til veg- og samferdselsfylket Møre og Romsdal. Mest aktuelt synest divisjonen for Veg eller divisjonen for Transport og samfunn å vere.
    2. Vidare at ei geografisk eining av divisjon Veg blir lagt til Møre og Romsdal. Ein viser her til den kompetanse som over tid er bygd opp ved regionkontoret og den bredde av vegoppgåver som har vore løyst frå dette regionkontoret (bruer, tunnelar, ferje, ras osv.)
    3. Dessutan at ei geografisk eining eller tilsvarande omfang av nasjonale oppgåver knytt til divisjon Transport og samfunn blir lagt til Møre og Romsdal. Ein viser her til eit betydeleg tal relevante nasjonale oppgåver som i dag blir løyst av tilsette i Region Midt med arbeidsstad Møre og Romsdal.
    4. At fellesfunksjonar aktivt kan utlokaliserast til regionale einingar, inkludert Møre og Romsdal, som alt i dag utfører ein del slike funksjonar og har gode føresetnader for å ta imot fleire slike oppgåve

Her kan du lese heile saksframlegget