Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Utvida busstilbod i Moldejazz-veka med Fram

Kontaktpersonar

Kristine Vikhagen Kristine Vikhagen
Rådgiver
71 28 02 54 /
Mob. 917 45 487
Send e-post
Christoffer Fatland  Lie Christoffer Fatland Lie
Rådgivar
71 28 02 72 /
Mob. 995 38 007
Send e-post

Dokument

Nattbussane Moldejazz 2018
PDF-dokument - 366,96 kB

Utvida busstilbod i Moldejazz-veka med Fram

Det er satt opp ekstra nattbussar i kommunane Molde, Fræna, Eide og Aukra under jazzveka. - Vi har eit godt tilbod med nattbussane under jazzfestivalen i år også, seier rådgivar Kristine Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Rute 702 frå Hatlelia vil ha ekstra avgangar under jazzfestivalen, den siste kl. 03.40 frå Molde trafikkterminal.
Foto: Terje Aamodt

Som tidlegare vil det vere avgangar i Molde med rutene med rutene 701 til Djupdalen, 701 til Årølia, 702 frå Hatlelia via Nordbyen og 714 til Hjelset/Kleive. I tillegg køyrer rute 420 til Sølsnes, 510 til Eide/Vevang, 531 til Jendem, Hollingsholm og Malmeskiftet. Rute 532 til Elnesvågen og Bud/Farstad vil køyre ved behov. – Det vil også vere ekstra avgangar inn til Molde sentrum på kvelden, seier rådgivar Kristine Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Her finn du oversikt over FRAM sitt ekstratilbud under jazzfestivalen 

Endra køyremønster i sentrum

På grunn av konsertar i Alexandraparken og gågate i sentrum, køyrer ikkje nattbussen forbi Quality Hotel Alexandra eller Thon Hotel Moldefjord denne veka. Bussane som kjem vestfrå køyrer Sandvegen, Øvre veg og Spolertbakken. Bussane som skal vestover køyrer Romsdalsgata, Øvre veg og Sandvegen.

Bruk FRAM-appen

- Alle rutene med avgang frå sentrum vil starte ved Molde trafikkterminal. Det er fint om publikum har billetten i FRAM-appen, kortet eller kontantane lett tilgjengeleg når dei går om bord. Vi håpar at mange vel å reise trygt og bruker bussane, legg Vikhagen til.

For rutetider og informasjon, bruk FRAM-appen, sjå frammr.no, ring FRAM Kundesenter på tlf. 71 28 01 00 eller besøk Molde trafikkterminal.