Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Utvida nattbusstilbod i Skjærvafest-helga

Kontaktpersonar

Frode Kvalheim Frode Kvalheim
Rådgivar
71 28 02 57 /
Mob. 930 63 780
Send e-post

Klikk på bildet under for å laste ned rutetid-PDF:

Utvida nattbusstilbod i Skjærvafest-helga

Møre og Romsdal fylkeskommune set inn eit utvida tilbod med nattbussen under Skjærvafest 2018. FRAM-bussane vil køyre både natt til laurdag og natt til søndag.

Foto: Terje Aamodt

- Når publikum skal til Innlandet på Skjærvafest, kan dei reise med dei ordinære bussavgangane på rute 804. I tillegg til det ordinære rutetilbodet har fylkeskommunen satt opp nokre ekstraavgangar frå Kristiansund sentrum natt til laurdag og natt til søndag, seier rådgivar Frode Kvalheim i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nattbusstilbod under Skjærvafest

Natt til laurdag 11. august: avgang kl. 00.45 (frå trafikkterminalen i Kristiansund)
Natt til søndag 12. august: avgang kl. 00.45, 01.50 (frå trafikkterminalen i Kristiansund) og 03.00* (frå Kongens plass)

* Avgangen kl. 03.00 natt til søndag køyrer til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole ved behov.

Kjøp bussbillett via FRAM-appen eller ombord

Bussbilletten kostar 50 kroner til Seivikakrysset og 70 kroner til Frei, og kan kjøpast  gjennom FRAM-appen og med kort eller kontantar av sjåføren om bord.

For rutetider og informasjon om kollektivtilbodet, kan publikum gå inn på frammr.no, bruke FRAM-appen, besøke Kristiansund trafikkterminal eller ringe til FRAM Kundesender på 71 28 01 00.