Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Utvida nattbusstilbod under Tahiti-festivalen 2018

Kontaktpersonar

Frode Kvalheim Frode Kvalheim
Rådgivar
71 28 02 57 /
Mob. 930 63 780
Send e-post
Christoffer Fatland  Lie Christoffer Fatland Lie
Rådgivar
71 28 02 72 /
Mob. 995 38 007
Send e-post

Klikk på bildet under for å laste ned PDF:

Utvida nattbusstilbod under Tahiti-festivalen 2018

Møre og Romsdal fylkeskommune set inn eit utvida nattbusstilbod i Kristiansund under Tahiti-festivalen. Avgangane vil gå natt til fredag, natt til laurdag og natt til søndag.

Foto: Terje Aamodt

- I år, som i fjor har vi valt å sette opp eit utvida nattbusstilbod under Tahiti-festivalen slik at publikum skal komme seg heim etter arrangementet, seier rådgivar Frode Kvalheim ved samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Busstilbodet under Tahiti-festivalen:

Natt til fredag 29. juni: avgang kl. 00.30 og 01.50 (frå trafikkterminalen i Kristiansund)
Natt til laurdag 30. juni: avgang kl. 00.30, 01.50 (frå trafikkterminalen i Kristiansund) og 03.00 (frå Kongens plass)
Natt til søndag 1. juli: avgang kl. 00.30, 01.50 (frå trafikkterminalen i Kristiansund) og 03.00 (frå Kongens plass)

- På avgangen frå Kongens plass klokka 03.00 natt til laurdag og natt til søndag, vil vi i tillegg køyre til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole om det er reisande som skal dit, legg Kvalheim til.

For rutetider og informasjon om kollektivtilbodet, kan publikum gå inn på frammr.no, bruke FRAM-appen, besøke Kristiansund trafikkterminal eller ringe til FRAM Kundesender på 71 28 01 00.

- Bussbilletten kostar 50 kroner til Seivikakrysset og 70 kroner til Frei, og kan kjøpast  gjennom FRAM-appen og av sjåføren om bord, avsluttar Kvalheim.