Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Velkommen alge-seminar

Kontaktpersonar

Rebekka Varne Rebekka Varne
Rådgivar akvakultur
71 28 03 51 /
Mob. 918 59 402
Send e-post
Lasse Kristiansen Lasse Kristiansen
Rådgivar
71 28 03 17 /
Mob. 971 00 507
Send e-post

Velkommen til alge-seminar

Algar som grøn næring i Møre og Romsdal er tema når forskarar, gründerar og næringsaktørar samlast til seminar i Kristiansund 27. mars.

Rebekka Varne og Lasse Kristiansen, Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Angela Hagen. 

Det nærmar seg hundre påmeldte, og blant desse finn vi store aktørar innan næringsmiddel, fiskefôrprodusentar, utdanning, forsking og forvaltning på mange nivå.

Interessert? Les heile programmet og meld deg på her

Ei ny og berekraftig næring

Makroalger er kjent som tang og tare, og mikroalger er den mindre kjente men kanskje viktigare lillebroren. Målet med seminaret er å vise fram framtidas grøne næring, med ei bærekraftig produksjon av råstoff. Nøkkelen til økonomisk berekraft i næringa er at vi greier å løyse utfordringane med prossessering av råstoffet.  

Framtida er her

-Dette er ikkje berre noko som skal skje i framtida. Og for å vise kva som allereie er på gang, har vi fått med taredyrkar Annlise Chapman frå Tango seaweed, mikroalgegründar Gabril Ossenkamp i FjordAlg og adm. dir. Ottorino Biondi på Algea, den eine aktøren i Norge som i 80 år har hatt industrialisert produksjon av grisetang, seier rådgivar akvakultur i Møre og Romsdal fylkeskommune, Rebekka Varne.

Rebekka og Lasse på algejakt

-Fleire av dei fremste innan forsking på taredyrking og hausting på dyrka tare kjem og fortel om status på den fronten. Her vil vi også fylkeskommunen sjølv halde innlegg. Fylkeskommunen vil frå 1. juni 2019  få oppgåva med å skrive ut taredyrkingsløyve, seier Varne.

Algepilot

Det er satt opp ein nasjonal algepilot på Mongstad, som testar ut produksjon av mikroalger. Mikroalgane lagar omega-3 samstundes som dei brukar CO2. Bærekraftig produksjon og klimatiltak i eitt! Dette vil konserndirektør i NORCE og faglig ansvarleg for den nasjonale algepiloten Hans Kleivdal fortelje om.

Fylkeskommunen ønskjer at seminaret skal vere ein møteplass på tvers av næringar og samfunnsrollar. Her vil små og store næringsaktørar, forvaltninga på mange nivå, elevar innan havbruk, studentar innan prosessteknikk og marin næring møtes og dele erfaringar og stille spørsmål.