Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Vil erstatte bokbåten med nye formidlingstilbod

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

Vil erstatte bokbåten med nye formidlingstilbod

–Nye krav til fylkeskommunen si rolle i biblioteksektoren, og auka krav om tilrettelegging, gjer at bokbåten vanskeleg kan vidareførast slik vi kjenner den i dag, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Med ei omprioritereing ønskjer fylkeskultursjefen å få ei meir moderne og nyskapande litteraturformidling i heile fylket. 

Onsdag 16. mai skal kultur- og folkehelseutvalet ta stilling til om ordninga med bokbåt i Møre og Romsdal skal vidareførast. Kontrakten med dagens leverandør går ut 31. august 2018.

Støttar opp om folkebiblioteka   
I innstillinga si har fylkesrådmannen tilrådd å ikkje vidareføre ordninga. Dette kjem på bakgrunn av ei lang oggrundig utgreiing av kostnadar og nytte av den eksisterande ordninga. Målet er å sikre det best moglege litteraturformidlingstilbodet i fylket, og då er konklusjonen at ressursane som går med til bokbåten vil ha større effekt om dei blir omdisponert.

– Dette kjem som resultat av både langsiktige regionale bibliotekplanar og sentrale føringar. Fylkesbiblioteket, som i dag driftar bokbåten, har fått ei tydelegare rolle som utviklingsaktør i biblioteklova og bør etter vår meining ikkje drive eigen bibliotekverksemd. Vi er ikkje lenger pålagt å drive fjernlån eller å kjøpe inn litteratur, men gjer langt større nytte som eit nav som støttar folkebiblioteka i å drive sine tenester. Til dømes kan vi arrangere debatt- og forfattarturnear i kommunar som ikkje har ressursar til å gjere det sjølve, seier fylkeskultursjefen.

Moderne og nyskapande litteraturformidling
Utgreiinga som ligg bak forslaget viser mellom anna at besøket på bokbåten har vore stabilt dei seinare åra, med ein svak nedgang. Det same gjeld for utlånstala.  Mange av dei besøkande søkjer kulturtilbodet om bord, noko vi allereie tilbyr gjennom Den kulturelle skulesekken og Kultursekk i barnehage.

Fleire alternative løysingar, inkludert ei vidareføring og styrking av bokbåttilbodet, har vore diskutert. Kostnadane til kjøp eller leige av eit nytt fartøy er så store at dette ikkje er mogleg innanfor dagens rammer. I staden ønsker fylkesrådmannen no å legge fram ei sak om korleis bok- og litteraturformidlinga kan vidareutviklast og styrkast innanfor dagens rammer, og korleis dette kan styrke fylkesbiblioteket si rolle som regionalt kompetansesenter og nav for bibliotek og litteraturformidling i fylket. Målet er å nå ut til større aldersgrupper med sentralt tilrettelagte opplegg for debattar, scenekunst basert på litterære verk, konsertar, forfattarmøte, bokbad og anna som har vore etterlyst i biblioteka.

–Vi veit at det er sterke kjensler knytt til bokbåten, og at eit slikt forslag kan verke som eit tap for dei kommunane som no mister eit tilbod. Samstundes trur vi at ei omprioritering vil føre til at vi får ei meir moderne og nyskapande litteraturformidling i heile fylket, og at alle i sum sit igjen med eit betre bibliotektilbod enn dei gjer i dag, seier Wedlog Olsen.

Saksframlegget til kultur- og folkehelseutvalet finn de her.