Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Vil opprette mobbeombod i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Nils Gunnar Solli Nils Gunnar Solli
Organisasjonssjef
71 28 01 60 /
Mob. 913 28 067
Send e-post

Vil opprette mobbeombod i Møre og Romsdal

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik har lagt fram forslag om å opprette eit mobbeombod i Møre og Romsdal. Saka skal opp til behandling i utdanningsutvalet torsdag 22. mars.

Null Mobbing

www.nullmobbining.no er Utdanningsdirektoratet si ressursside om mobbing. 

Saka vil deretter bli behandla i fylkesutvalet måndag 9. april. Oppstart er planlagt til 1. august 2018, og ordninga vil bli evaluert ved utgangen av 2019. Så langt har ungdomspanelet i Møre og Romsdal vedtatt ei positiv støtte til å opprette mobbeombod i Møre og Romsdal.

Samarbeid med elev- og lærlingombod

Ordninga er eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunane, og alle fylkeskommunane er inviterte av Utdanningsdirektoratet til å delta i ordninga. Mobbeombodet skal følge barn og unge i heile utdanningsløpet frå barnehage og grunnskole til og med vidaregåande opplæring. Utdanningsdirektoratet tilrår at mobbeomboda organisatorisk blir plassert på stabsnivå i fylkeskommunane, mellom anna for å etablere eit tett samarbeid med elev- og lærlingomboda. Møre og Romsdal har hatt elev- og lærligombod sidan 2006.

Mobbeombodet vil ha følgande oppgåver:

  • Støtte og rettleie barn, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø
  • Jobbe førebyggande med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre
  • Skape dialog og bidra til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handtert
  • Bidra til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt
  • Støtte elev- og lærlingombodet i arbeid med psykososialt miljø

Heile saksframlegget finn du her