Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Volda maskin AS mottok prisen som Årets bedrift

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
71 28 40 95 / Mob. 911 77 724
Send e-post

Volda maskin AS mottok prisen som Årets bedrift

Fylkestinget i Ålesund opna med at Volda maskin AS fekk overrekt prisen som Årets bedrift i Møre og Romsdal.

Volda maskin AS fekk prisen som Årets bedrift AS. Fv. Jon Grebstad (dagleg leiar), Jostein Arne Velsvik (styreleiar) og Ida Eggesbø (økonomiansvarleg).
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

- I år kom det inn i alt 25 forslag til kandidatar. Det var ikkje lett å peike ut «Årets Bedrift» i Møre og Romsdal,sa Runar Vestheim, leiar i regional- og næringsutvalet, då han delte ut prisen. Vestheim fortalde at Volda Maskin er ei tradisjonell entreprenørbedrift. Solid, med stabil drift og jamne resultat over lengre tid.

I grunngjevinga for prisen vart det framheva at bedrifta over lang tid har arbeidd målretta og kontinuerleg med inntak og oppfølging av lærlingar. Det har lenge vore eit uttalt mål om å ha minst ti prosent lærlingar i bedrifta. Lærlingane i Volda maskin har høg grad av gjennomføring. 

- Bedrifta har vore opptatt av, og har lukkast med å utvikle gode haldningar. Det blir sett tydelege krav. Samstundes har bedrifta vist stort tolmod i tilfella der lærlingar, av ulike grunner, har hatt behov for det. Leiinga i bedrifta har uttrykt at dei meiner det er viktig å gi alle ei moglegheit, sjølv om dette i periodar kan utfordre og sette tilliten på prøve, fortalde Vestheim. 

Her kan du sjå intervju med dagleg leiar Jon Grebstad: