Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Vy Buss AS er tildelt busskontrakten for Ålesund, Giske, Sula og Skodje

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

Vy Buss AS er tildelt busskontrakten for Ålesund, Giske, Sula og Skodje

Møre og Romsdal fylkeskommune tildelte tysdag 2. juli 2019 kontrakten for rute- og skolekøyringa i Ålesund, Giske, Sula og Skodje kommunar, til Vy Buss AS.

Vy Buss AS er tildelt busskontrakten for Ålesund, Giske, Sula og Skodje frå 1. januar 2021.
Foto: Terje Aamodt

– Kontrakten er bygd opp av ei rekke minimumskrav, og konkurransen er dermed evaluert etter pris. Det betyr at mellom anna miljøkrav ikkje er evaluert, men er sikra gjennom dei minstekrava som er sett. Det same gjeld på andre fagområde innan kollektivtrafikken, slik som innanfor IKT, publikumsinformasjon, passasjerkomfort og universell utforming, seier seksjonsleiar Stig Helle-Tautra i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vy Buss AS var tilbydaren med den lågaste prisen og blei dermed tildelt kontrakten. Klagefristen på anbodet går ut den 12. juli 2019, og avtalen vil bli signert etter at klagefristen har gått ut.

– Kontrakten vil gjelde frå 1. januar 2021 til 30. juni 2030, og inneheld ca. 3,4 mill. rutekilometer årleg. Kontrakten har ein verdi i underkant av 1,2 mrd. kroner over 9,5 år, legg Helle-Tautra til.

Flybussen i Ålesund er ikkje ein del av kontrakten som begynner i 2021. 

Det var fem tilbydarar som levert inn tilbod i konkurransen; Boreal Buss AS, Nobina Norge AS, Tide Buss AS, Trønderbilene AS og Vy Buss AS.

Skal styrke kollektivtrafikken

– Det er viktig for oss å styrke kollektivtilbodet i Ålesund, seier Helle-Tautra. Vi har sidan 2013 hatt ein vekst på 10,2 prosent i talet bussreisande i dette området. Som følge av kvalitetsforbetringa som kjem ved opninga av eit nytt anbod, ser vi fram til framleis utvikling av kollektivtilbodet i Ålesund i samarbeid med andre aktørar. Vi vil med dette arbeide for at auken i talet på reisande vil fortsette. Vi har allereie og vil fortsatt ha eit sterkt fokus på å levere hyppige avgangar på aksen mellom Moa-Campus (NTNU)-Ålesund sentrum, fortel Helle-Tautra.

Ålesund får elbussar

I den nye kontrakten er det krav om at operatøren skal ha minst ti elektriske bussar som saman skal køyre minst 750.000 kilometer årleg. Det er òg krav om at køyretøya med diesel skal følge Euro 6-nivåa med tanke på utslepp. Elbussane vil køyre i Ålesund på bybusstraséane, for eksempel på strekninga Myrland-Åse-Hessa.

Teknologi

Bussane blir utstyrte med ny teknologi og nye IKT-løysingar. Mellom anna vil bybussane få signalprioritering opp mot lyskryss slik at bussen raskare får grønt lys. Det vil òg bli installert automatiske passasjerteljarar slik at det óg blir mogleg å få statestikk på kor kundane går av bussen. Det er med på å gjere det enklare å planlegge kor og når det må settast inn ekstra kapasitet på bussane.

Fleire avgangar

I Ålesund får hovudrutene fleire avgangar som gir fleire val for dei kollektivreisande. Tre leddbussar skal bli brukt for å auke kapasiteten, desse går mellom Moa og sentrum. I tillegg er rutetilbodet mellom Langevåg-Moa og Valderøya-Ålesund sentrum styrka.

– Vi er tilfredse med at så mange store nasjonale operatørar deltok i konkurransen. Det er eit teikn på at anbodsprosessen som er gjennomført har haldt høg kvalitet og at kommunane Ålesund, Giske, Sula og Skodje er attraktive for tilbydarane, avsluttar Helle-Tautra.