Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Yrkesfaga får ny struktur frå hausten 2020

Yrkesfaga får ny struktur frå hausten 2020

Det blir innført ny struktur for yrkesfaga i vidaregåande skole frå hausten 2020. Yrkesfagelevane skal no spesialisere seg tidlegare. 

Frå hausten 2020 vil det bli ny struktur for yrkesfaga.

Foto: Rune Hagen

Den nye strukturen blir den største endringa i yrkesfagutdanninga sidan Kunnskapsløftet i 2006. Regjeringa tar tre hovudgrep:

  • Antall utdanningsprogram blir utvida frå åtte til ti, for å samle elevar med meir likt fagleg innhald. Målet er å gi auka fagleg spesialisering og tidlegare spesialisering.
  • Regjeringa vil fase ut lærefag som nesten ikkje har hatt lærlingar dei seinare åra. Dette er fag som storurmakerfaget, industrisømfaget, idrettsanleggsfaget, støperifaget, garverifaget, industriell skotøyproduksjon og pianostemmarfaget.
  • Fleire elevar skal få spesialisering frå første året, og fleire programområde vil bli delt i andreåret for å gje auka spesialisering. For eksempel vil Vg2 Byggteknikk bli delt i Vg2 Tømrar og Vg2 Betong og mur. Vg2 Klima, energi og miljø blir delt i Vg2 Rør og Vg2 Tak, membran og blikkenslager. Vg2 Matfag blir delt i Vg2 Bakar og konditor og Vg2 Industriell matproduksjon.

Her kan du lese pressemeldinga som Kunnskapsdepartementet sendte ut tidlegare denne veka

Her finn du oppsettet for ny yrkesfagleg struktur