Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kva gjer vi?

Fylkeskommunen tek seg av oppgåver som er for store for kommunane eller som går på tvers av kommunegrensene. Oppgåvene blir løyst i samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar i fylket.

Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver i dag er:

  • Vidaregåande opplæring (vidaregåande skoler, fagopplæring, vaksenopplæring mm.)
  • Samferdsel (fylkesvegane, fylkesvegferjer, kollektivtrafikk i fylket, ruteopplysning mm.)
  • Tannhelsetenesta (Den offentlege tannhelsetenesta)
  • Regional planlegging
  • Næringsutvikling (Operativt ansvar for tilretteleggjande virkemidlar for næringsutvikling og entreprenørskap)
  • Forvalte regionale utviklingsmidlar (strategisk bruk av nærings- og distriktspolitiske virkemidlar)
  • Kultur (fylkesbibliotek, spelemidlar til idrettsanlegg, midlar til kulturbygg, driftstilskot mm.)
  • Kulturminneforvaltning (freda kulturminne; arkeologi, ruiner, bygningar mm.)
  • Folkehelse (pådrivar for regionalt og lokalt folkehelsearbeid)
  • Internasjonalt arbeid

Fylkesplan
Fylkeskommunen skal fremme ei ønskt samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Mål for den regionale utviklinga er felt ned i Fylkesplan for Møre og Romsdal.

Kjerneverdiar
Møre og Romsdal fylkeskommune har ein visjon om å vere ein tydeleg medspelar med kjerneverdiane openheit, respekt, likeverd, medråderett og ansvar for fellesskapet.

Politisk styrt
Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon med fylkestinget (47 representantar) som det øvste folkevalte organet. Leiar for fylkestinget er fylkesordførar Jon Aasen. Andre sentrale utval med medlemer oppnemnt av fylkestinget er fylkesutvalet, hovudutval for utdanning, hovudutval for kultur- og folkehelse, hovudutval for regional og næring og hovudutval for samferdsel.

Tilsette over heile fylket
Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgivarar med  2500 tilsette. Om lag 2000 av desse har arbeidet sitt på ein av dei 23 vidaregåande skolane i fylket. 200 arbeider på ein av dei 37 tannklinikkane, og om lag 250 arbeider i sentraladministrasjonen som er plassert på Fylkeshuset i Molde.

Øvste administrative leiar i fylkeskommunen er fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Kontaktpersonar

Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Rådmann
71 28 01 62 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Følg oss gjerne: