Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Visjon, verdiar og mål

Visjon, verdiar og mål

Møre og Romsdal fylkeskommunes visjon er «ein tydeleg medspelar». Gjennom arbeidsgivarpolitikk for framtida vil vi vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen, profesjonelle i alt vi gjer, fagretta, utviklingsorienterte og med tydeleg respekt for samfunnsoppdraget vi er gitt.

Vårt felles verdigrunnlag
Vi ønskjer å utvikle ein felles overordna identitet gjennom visjon og verdiar. Dette vil binde saman alle sektorar, fagområde og oppgåver under ein paraply. Slik skapar vi ein felles identitet der vi blir tydeleg både internt og for omverda.

Våre samfunnsoppdrag byggjer på verdiane:

  • respekt
  • likeverd
  • medråderett
  • fellesskapsansvar
  • open organisasjon.

Overordna mål for arbeidsgivarpolitikken
Vi vil utvikle kulturar for læring og utvikling, der medarbeidarane opplever seg frie til samarbeid og utvikling for best mogleg kvalitet på tenestene. I møte med brukarar, innbyggjarar og samarbeidspartnarar skal Møre og Romsdal fylkeskommune stå fram med vilje til utvikling.

Les meir om vår visjon, mål og verdiar her 

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Prosjektsjef omstilling 2020
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post

Facebook

Facebook

Lik oss på Facebook og du vil få oppdateringar om nye ledige stillingar