Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Juridisk

Juridisk avdeling har to seksjonar, juridisk – og innkjøpsseksjonen.

Juridisk seksjon yter juridisk bistand til administrativ leiing, avdelingane, dei ytre einingane og fylkeskommunens politiske organ. Seksjonen representerer og tek i vare fylkeskommunens partsinteresser i tvistesaker som går for domstolane.

Seksjonen har m.a. oppgåver innan:

  • forvaltningsrett
  • generell kontrakts- og avtalerett
  • arbeidsrettslege problemstillingar
  • førebuing av klagesaker til klagenemnda
  • forvaltning av forsikringsordninga     
  • erstatningssaker

Aktiviteten er i stor grad styrt av dei behov som til ei kvar tid oppstår rundt om verksemda.  

Innkjøpsseksjonen har ansvaret for å utarbeide prosedyrar og implementere verktøy for å sikre at anskaffingane i fylkeskommunen skjer i samsvar med vedteken innkjøpsstrategi og anskaffingsregelverket sine føringar. Seksjonens hovudoppgåver:

  • Gjennomføring av større enkeltanskaffingar / rammeavtalar.
  • Administrasjon av rammeavtalar / leverandørkontakt.
  • Bistand til indre og ytre einingar ved konkurransegjennomføring.
  • Anskaffe og vedlikehalde elektronisk verktøy for konkurransegjennomføring og avtaleoppfølging.
  • Utarbeide prosedyrar og rutinar for å sikre bedriftsøkonomiske gode anskaffingar.

Kontaktpersonar

Gudmund Olav Lode
Juridisk sjef
71 28 02 90 / Mob. 915 59 953
Send e-post