Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Personvernerklæring

Personvernerklæring Møre og Romsdal fylkeskommune
Denne erklæringa gjer greie for Møre og Romsdal fylkeskommune si generelle behandling av personopplysningar, og for nettstaden www.mrfylke.no og tilhøyrande sider. Møre og Romsdal fylkeskommune behandlar personopplysninger for å levere ulike tenester. Kva formål personopplysningane behandlast til, avhenger av kva tenester fylkeskommunen leverer til deg. Du vil finne nærare informasjon om dette knytt til dei enkelte tenestene.

Regelverk med verknad for fylkeskommunen si behandling av personopplysningar
Personopplysningsloven inneheld regler om korleis personopplysningar som samlast inn vil bli behandla, herunder korleis dei blir sikra, kven som har tilgang og om de kan utleverast til andre.

Offentleglova med forskrifter inneheld reglane for når eit dokument er offentleg, og når ein kan gjere unntak for offentlegheit. Fylkeskommunen praktiserer meiroffentlegheit, som inneber at vi prøver å vere mest mogeleg opne for innsyn frå omverda.

Forvaltningslova inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka din vil bli behandla i fylkeskommunen. Som part i saka har du særskilte rettighetar, bl.a. om innsyn i sakens dokumenter.

Arkivlova inneheld regler for korleis ulike dokument skal oppbevarast, herunder om lagring i arkivinstitusjon.

Fylkeskommunen sine nettsider
Fylkeskommunen samlar vanleg besøksstatistikk for sine nettsider ved hjelp av analyseverktøyet Google Analytics. Opplysningane blir berre nytta i samanheng med drifta og vidareutvikling av fylkeskommunens nettsider.

I tråd med vanlig praksis på Internett registrerast brukaranes IP-adresse av nettstaden mrfylke.no. Fylkeskommunen har valt å nytte eit script som tar vekk dei siste sifra frå din IP-adresse før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjør at analyseverktøyet kan anslå brukaranes geografiske plassering, men adressa kan ikkje nyttast for å identifisere den enkelte. Opplysningar som Google mottar er underlagt deira retningsliner for personvern.

Del/tips-tenesta
Del/tips-tenesta kan brukas til å vidaresende tips eller dele artiklar frå våre heimesider. Opplysningar om tips blir ikkje lagra, men tipset leggas inn hos det eventuelle nettsamfunnet du vel. Korleis det aktuelle nettsamfunnet som handterer opplysningane vidare, reguleras av din avtale med nettsamfunnet.

Om du nyttar tenesta til å sende lenke via e-post lagrar vi ikkje e-postadressene du sender til, eller andre opplysningar du legg inn.

Kontakt via e-post
E-post er ikkje ein sikker kanal for informasjonsutveksling, då informasjon kan kome på avvege. Vi oppmodar difor til ikkje å sende sensitive eller fortrulege opplysningar til fylkeskommunen per e-post. Skal du sende fortrulege opplysningar kan du bruke e-Dialog eller sende oss brev.

Påmeldingsskjema
Påmeldingsskjema på www.mrfylke.no som blir nytta til ulike konferansar, kurs o.a. som blir arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune er kryptert (SSL). Det er berre arrangør, nettredaktør og administrator som har tilgang til dei opplysningane du sender inn til fylkeskommunen via påmeldingsskjemaet. Opplysningane blir berre nytta til administrasjon av arrangementet, og dei blir sletta når arrangementet er avvikla.

Samtykke
Dersom vår behandling av personopplysningar skjer med grunnlag i samtykke, kan dette når som helst trekkast tilbake, og fylkeskommunen vil då avslutte den aktuelle behandlinga av personopplysningane.

Innsyn i eigne opplysningar
Det er høve til å be om innsyn i kva behandling av personopplysningar fylkeskommunen gjer. Du kan og når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg.

Retting/sletting av opplysningar
Dersom du finn at opplysningane om deg er unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane retta/sletta.

Når det ikkje lenger er behov for personopplysningane vil dei bli sletta i tråd med regelverket.

Avgrensa behandling
I nokre situasjonar kan du be oss avgrense behandlinga av opplysningar om deg.

Protestere mot en behandling av personopplysninger
Om vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i våre oppgåver eller på bakgrunn av en interesseavveging, har du rett til å protestere på vår behandling av opplysningar om deg.

Dataportabilitet
Om vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i samtykke eller en kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller til annen behandlingsansvarlig.

Personvernombod
Om du meiner vi ikkje etterlever reglene i personopplysningsloven, eller har spørsmål til vår behandling av personopplysningar, kan du kontakte vårt personvernombod, Thea Rølsåsen ved Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal.

Klage på vår behandling av personopplysningar
Du kan også klage over vår behandling av personopplysninger. Dette gjør du til Datatilsynet.

Kontakt
Har du krav om innsyn, retting/sletting av opplysningar, eller anna som gjeld fylkeskommunen sin behandling av personopplysningar ta kontakt med oss per e-post post@mrfylke.no eller

Møre og Romsdal fylkeskommune,
Fylkeshuset, 
6404 Molde

Kontaktpersonar

Inger Johanne Moene Inger Johanne Moene
kommunikasjonssjef
71 28 01 82 /
Mob. 472 84 003
Send e-post
Eirik Jenssen Eirik Jenssen
Rådgivar
71 28 02 88 /
Mob. 916 74 453
Send e-post