Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Annette Elin Koch Annette Elin Koch
Fylkesbiblioteksjef
70 16 22 71 /
Mob. +47 41455913
Send e-post

Kontaktperson

Marit Nerås Krogsæter
leiar i kultur- og folkehelseutvalet
mob. 918 32 844

Gir friske midlar til biblioteka

Fylkeskommunen og Nasjonalbiblioteket løyver til saman 1,2 millionar kroner til aktivitetar i biblioteka i fylket.

Tilsaman 1,2 millionar kroner er løyvd til aktivitetar i fylket.
Foto: Bjørn Vatne, Møre og Romsdal fylkeskommune

Den største potten kjem frå Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, som har løyva 855.000 kroner for å stimulere til nytenking kring bibliotekrommet. Midlane vart lyst ut i haust. Då fristen gjekk ut hadde det kome inn åtte søknadar, og fem av desse får støtte.

- Det er mange spanande prosjekt ute i biblioteka i fylket, og vi er glade for å sjå at det finst så sterk vilje til utvikling og nyskaping. Det er heilt i tråd med dei nasjonale føringane for biblioteka. Felles for prosjekta som har fått støtte, er at dei tek sikte på å styrke biblioteka si rolle som arena for deltaking, inkludering og demokrati, seier leiar i Kultur- og folkehelseutvalet, Marit Krogsæter.

Prosjekta som får støtte er lokalisert i Sunndal, Tingvoll, Giske, Aukra og Vestnes (sjå tabell under).

415.000 til arrangement

Samstundes er det klart at Nasjonalbiblioteket deler ut 14 millionar kroner til norske folkebibliotek. 415.000 kroner går til Møre og Romsdal.

Ti bibliotek i Møre og Romsdal får til saman 415.000 kroner frå dei nasjonale Arenamidlane, som delast ut av Nasjonalbiblioteket. Av desse er det ni folkebibliotek i tillegg til Møre og Romsdal Fylkesbibliotek. Pengane skal gå til arrangement i biblioteka.

I Nasjonal bibliotekstrategi er det ei sterk satsing på å utvikle biblioteka som møtestad og kulturarena. Difor har Nasjonalbiblioteket dei siste tre åra løyva pengar frå overskotet til Norsk Tipping, for å auke aktiviteten. I år er dei ekstra nøgd med kreativiteten hos søkarane.

– Vi opplever ei tydeleg nivåheving når det gjeld arrangement i biblioteka, med ein sterk auke i mengda arrangement og meir profesjonelt utforma arrangementsseriar. Dette ser vi som eit teikn på at biblioteka utviklar seg i tråd med målet i bibliotekstrategien, seier avdelingsdirektør Svein Arne Tinnesand ved Nasjonalbiblioteket i ei pressemelding.

Kreative og framoverlente

Biblioteka som får mest frå Nasjonalbiblioteket er Molde bibliotek og Møre og Romsdal fylkesbibliotek.

– Fylkesbiblioteket kan no gjennomføre eit spanande samarbeid med biblioteka og voksenopplæringa i Ørsta, Giske, Rauma og Sunndal kommune. Dette er ei vidareutvikling av poesiprosjektet «Håp», som er retta mot innvandrarar og starta under Høstscena i Ålesund, seier fylkesbiblioteksjef Annette Koch.

–  Vi er svært glade for å sjå at biblioteka i fylket er kreative og framoverlente både når det gjeld arena- og arrangementsutvikling. Dei har ei viktig rolle i både demokrati, kulturliv og læring, og desse midlane er med på å sikre at dei kan nå måla sine, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Tabell 1, tildelingar frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Bibliotek Tildeling frå Møre og Romsdal fylkeskommune
Sunndal 150 000
Giske 150 000
Vestnes 200 000
Aukra 55 000
Tingvoll 300 000

 

Tabell 2, tildelingar frå Nasjonalbiblioteket

Bibliotek Tildeling frå Nasjonalbiblioteket
Møre og Romsdal fylkesbibliotek 80 000
Molde 80 000
Sykkylven 15 000
Skodje 30 000
Sula 40 000
Giske 40 000
Midsund 40 000
Aukra 40 000
Tingvoll 20 000
Smøla 30 000
Møre og Romsdal fylke 415 000

 

Klikk her for ei oversikt over tildelingar for heile landet.