Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Kommunikasjon > Pressemeldingar > Nytt elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Anita Alnes Solevåg
Elev- og lærlingombod
71 28 04 49
Send e-post

Nytt elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal

Anita Alnes Solevåg er nytt elev- og lærlingombod. Ho er også mobbeombod for alle i vidaregåande opplæring.

Portrettbilde av elev- og lærlingombodet

Anita Solevåg skal vere vaktbikkje elevar i vidaregåande skole og lærlingar. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Alnes Solevåg byrja i stillinga 1.november og er klar for å vere vaktbikkje for dei om lag 10100 elevane i vidaregåande skole og  2200 lærlingane

- Eg er særs oppteken av at alle elevar, lærlingar og lærekandidatar skal ha eit godt psykososialt og inkluderande læringsmiljø. Eg vil derfor passe på at rettane deira blir tatt vare på og hjelpe dei som opplever utfordringar i opplæringa. Då er eg alltid på eleven og lærlingen si side, seier Solevåg.

Det er gratis og uforpliktande å ta kontakt for informasjon, råd og hjelp. Ombodet har teieplikt.

Solevåg kjem frå stillinga som sosialpedagogisk rådgjevar og lærar ved Spjelkavik vidaregåande skole og har for augneblinken permisjon frå masterstudiet i spesialpedagogikk. Ho har lang fartstid frå skoleverket.

Nulltoleranse for mobbing

I rolla som elev og lærlingombod skal Solevåg også vere mobbeombod for alle i vidaregåande opplæring. Ho er oppteken av at mobbeombodet skal vere eit lågterskeltilbod, og alle i vidaregåande opplæring som ønsker støtte i ei mobbesak kan ta kontakt.

- Det er særs viktig at skulen har nulltoleranse for mobbing. Vi har elevar som opplever at skolekvardagen er utrygg, og slik kan dei ikkje ha det. Då kan eg hjelpe med rettleiing eller hjelp ved til dømes deltaking på møter.

Mobbeknapp

Skulen pliktar å handle når elevar seier i frå, og  skulen skal arbeide systematisk med å førebyggje mobbing. Fylkestinget har vedteke å etablere mobbeknapp i vidaregåande skole.

- Dette er eit meldesystem, som fleire fylkeskommunar har teke i bruk og med gode erfaringar. No ventar vi i spenning på dette arbeidet. Det trur eg vil gjere det lettare for elevar å melde frå om krenkingar i skolen, seier ombodet.

Flest spørsmål frå lærlingar

Dei fleste som tek kontakt med elev- og lærlingombodet er lærlingar.

- Det tenkjer eg er urovekkjande. Vi veit at fråfallet er størst innanfor yrkesopplæringa, og det er derfor viktig å ha eit godt system, som tek vare på ungdommane sine rettar i lærebedriftene.

Ei anna kjerneoppgåva til ombodet vil også vere  å styrke elevdemokratiet. Målet må vere aktive elevar som påverkar eigen skulekvardag.

Elev- og lærlingombod jobbar tett med Kristin Øksenvåg, som er mobbeombod for barn i barnehage og elevar i grunnskulen.