Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Kommunikasjon > Pressemeldingar > Vann fotokonkurranse med biletet “Usynleg”

Kontaktpersonar

Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 28 02 65 /
Mob. 404 68 389
Send e-post

Vann fotokonkurranse med biletet “Usynleg”

Bendik Bekken Sandøy frå Molde sitt bilete “Usynleg”, vart kåra til vinnarbilete i Møre og Romsdal fylkeskommune sin fotokonkurranse “Ung i trafikken”. 

Foto: "Usynleg" - fotograf Bendik Bekken Sandøy

I samband med Samferdselskonferansen 2011 i Ålesund, arrangerte Møre og Romsdal fylkeskommune ei fotokonkurranse for ungdom med tema “Ung i trafikken”. Elevar på vidaregåande skole og høgskolane vart utforda til å vere kreative og knips bilete av korleis dei opplever å ferdast som syklist, mopedist, busspassasjer, bilsjåfør eller på andre måtar i trafikken. Av dei 65 bidraga som kom inn til konkurransen vart ti bilete plukka ut til ein finale. Desse bileta vart presentert på ei eiga fotoutstilling i samband med Samferdselskonferansen 2011. Deltakarane på konferansen stemde fram Bendik Bekken Sandøy sitt bilete “Usynleg” som vinnarbilete. I grunngjevinga heiter det mellom anna:

  • Biletet er eit godt døme på temaet “Ung i trafikken”.
  • Biletet har ein viss grad av dramatikk, der det viser ein risikofylt, men realistisk situasjon
  • Biletet viser kor sårbare enkelte trafikkantar er, mange unge tar seg fram på moped
  • Biletet har god kvalitet og er godt komponert

Vinnaren den 16 år gamle Bendik Bekken Sandøy er elev ved Molde vidaregåande skole der han går allmennfag, studiespesialiserande. Premien er eit Nikon D5100 speilreflekskamera med kit-objektiv.

Dei ti finalebileta kan de sjå i vedlagte presentasjon: