Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Kommunikasjon > Pressemeldingar > Vil vurdere å styrke studietilbodet i Kristiansund ytterlegare

Kontaktpersonar

Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post

Vil vurdere å styrke studietilbodet i Kristiansund ytterlegare

Regjeringa vil vurdere å styrke Høgskolen i Molde med fleire studieplasser øyremerka Kristiansund, i komande budsjettprosessar. Det var svaret frå statsråden då Else May Botten (AP) stilte spørsmål i Stortinget om høgare utdanning i Kristiansund.

Regjeringa vil vurdere å styrke Høgskolen i Molde med fleire studieplasser øyremerka Kristiansund.

I 2017-budsjettet bad fleirtalet i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen regjeringa om ein plan for å utvikle eit langsiktig og robust tilbod om høgare utdanning i Kristiansund, i samarbeid med eksisterande høgskular og universitet. I Stortinget sin spørjetime 10. mai stilte Botten spørsmål om kva Regjeringa har gjort for å følgje opp Stortingsvedtaket og sikre det høgare utdanningstilbodet på Nordmøre.

Statsråd Bent Høie svarte for fagstatsråd Torbjørn Røe Isaksen, og viste til Revidert nasjonalbudsjett, som vart lagt fram dagen etterpå, 11. mai. Her går det fram at Høgskulen i Molde får 30 studieplassar til bachelorgrad i marin logistikk og økonomi ved Høgskulesenteret i Kristiansund. På nytt spørsmål frå Else May Botten om korleis regjeringa vil sikre det langsiktige tilbodet i Kristiansund, svarte statsråden at dette må vere fleksibelt og endre seg med behova i arbeidsmarknaden.

- Regjeringa vil derfor i komande budsjettprosesser vurdere å styrke Høgskulen i Molde med fleire studieplassar som i tilfelle bør øyremerkast Kristiansund, sa statsråd Høie. Han sa også at å øyremerke nye studieplassar til Kristiansund var viktig ut frå eit regionalutviklingsperspektiv.

Campus Kristiansund-prosjektet

Eigarane i Høgskulesenteret i Kristiansund gjekk i vinter saman om å etablere Prosjekt Campus Kristiansund, der ein vil byggje opp ein campus for høgare utdanning, forsking og innovasjon i Kristiansund, med vekt på den unike kompetansen ein finn i næringslivet på Nordmøre. Prosjektet er no etablert med prosjektleiar og styringsgruppe, og prosjektplanen blir lagt fram før sommaren.

- Den viktigaste jobben vi har no framover, er å begynne å byggje innhaldet i den framtidige campusen. Det handlar om både forsking, utdanning og innovasjon/FoU. Derfor er studietilboda som blir etablert ved Høgskulesenteret veldig viktige, for dei utgjer basisen i det framtidige tilbodet i Campus Kristiansund, seier prosjektleiar Roland Mauseth. Han gler seg over at Høgskulen i Molde no får 30 studieplassar i Kristiansund til marin logistikk og økonomi.

- Vi håper sjølvsagt at ein også kan få studieplassfinansiering av andre viktige tilbod som er under planlegging ved Høgskulesenteret, og er naturlig nok spente på kva som kjem i statsbudsjettet til hausten, seier Mauseth.

 

Høgskulen i Molde som hovudsamarbeidspartner

Statsråden viste også til departementet sitt møte med høgskulane i Møre og Romsdal, for å følge opp merknaden i 2017-budsjettet.
- Departementet si vurdering etter denne dialogen er at Høgskulen i Molde bør ha hovudansvaret for eit eventuelt langsiktig tilbod om høgare utdanning i Kristiansund. Andre utdanningsinstitusjonar kan eventuelt supplere med spesielle studietilbod som er etterspurte i arbeidslivet, sa statsråden.

Her kan du sjå spørsmålet som Else May Botten stilte til Statsråden.

https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2016-2017/refs-201617-05-10?m=2#125249-12-1