Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fylkesutvalet har møte i dag 2. juli

Uttale til NOU 2018:4 Sjøvegen vidare - Forslag til ny hamne- og farvasslov, Stiftelsen Atlanterhavsparken - nasjonalt akvarium og marint formidlingssenter og Fv. 659 Nordøyvegen - Konkurranse om entreprise K5 Skjeltene - Harøya  - Utfordringar, er mellom sakene utvalet skal behandle.

Les meir

Fylkestinget har møte 18. og 19. juni i Ulsteinvik

Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2019-2022, Investeringsprogram for fylkeskommunale bygninger 2018, Investeringsprogram for fylkesvegar 2019-2027 og Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2018-2022 er mellom sakene fylkestinget skal behandle. 

Les meir

Fylkesordføraren sin årlege tale til fylkestingeta

Fylkesting, administrasjon, presse, gode forsamling.
Eg har ei kjensle av at tida går fortare og fortare. Fylkesordføraren sin tale kjem brått på. Eg vedgår at fragment og tema av kva eg hadde planlagt å ta med, eller vurderte å ta med, har vore i tankane mine svært lenge. Det viser seg likevel at det som var eit viktig tema for ei tid sidan, ikkje lenger er like brennbart. Det fortel at vi i det store bildet lever i ei notid der overskriftene er store, men sakene kanskje ikkje like store når vi får dei litt på avstand. Nokre saker overlever og  krev plass også om vi får tenkt oss om. Så spørs det om mi politiske verd er samanfallande med fylkestinget sine vurderingar om kva som er verdt å merke seg og bruke tid på. Det får vise seg.

Les meir

Kristin Øksenvåg (45) er tilsett som mobbeombod i Møre og Romsdal

Alle barn og unge har rett til eit mobbefritt og trygt miljø i barnehage og skole. Som mobbeombod vil eg ha barn og unge som hovudmålgruppe og arbeide for at rettane deira blir ivaretatt. Ei viktig oppgåve i starten vil vere å gjere ordninga kjent for både barn, unge og foreldre, seier Øksenvåg.

Les meir

Dei fire hovudutvala har møte denne veka

Denne veka er det møte i dei fire hovudutvala. Sjå oversikta under for kvart enkelt møte. 

Les meir

Vestlandsrådet har møte i Molde 8.juni

I dag er det møte i Vestlandsrådet på Hotel Alexandra i Molde. Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom  fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Les meir

Fylkesutvalet har møte 4. og 5. juni

Det to dagar lange møte i fylkesutvalet har no starta opp. Møtet startar med ei orientering om strategi og rammer for arbeidet med økonomipla​n 2019-2022, før det vert behandling av saker etter saklista.

Les meir

Korleis kan ungdom få større medverknad?

I helga vart konferansen “Høyr oss!” arrangert. Dette var ein medverknadskonferanse av, for og med ungdom.  Konferansen vart arrangert av ungdomspanelet, og hadde deltakarar frå Møre og Romsdal, Nordland og Trøndelag.

Les meir

Tilrår fylkesutvalet å reise motsegn mot reguleringsplan for Raudsand

Fylkesutvalet skal neste veke gi ein høyringsuttale til Nesset kommune si reguleringsplan, som inkluderer deponi for farleg avfall på Raudsand. Fylkesrådmannen tilrår å reise motsegn til planen, med bakgrunn i regional vassforvaltningsplan.

Les meir

Høyr oss! - ein medverknadskonferanse av, for og med ungdom

1.-2. juni arrangerer ungdomspanelet medverknadskonferansen Høyr oss!

Konferansen blir gjennomført med støtte frå Erasmus+ Aktiv ungdom.

Les meir