Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Denne veka er det møte i dei fire hovudutvala

Denne veka er det møte i dei fire hovudutvala

Tysdag er det møte i regional- og næringsutvalet. Onsdag er det både møte i samferdselsutvalet og i kultur- og folkehelseutvalet. Torsdag er det møte i utdanningsutvalet. 

Sjå oversikta under for meir informasjon om kvart enkelt møte.

   
   

Regional- og næringsutvalet tysdag 6. ferbuar

Handlingsprogram kompetanse- og verdiskaping 2018 og statusrapport for akvakulturforvalting og fiskeri 2017, er nokre av sakene som utvalet skal behandle. Møtet startar med bedriftspresentasjonar av Maritech Systems AS og Marell AS

Tid: Tysdag 6. februar kl. 10.30 (behandlinga av saker startar kl. 13.00)

Stad: Averøy rådhus

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her.​

Kontaktpersonar:

  • Runar Vestheim (Uavh.), leiar regional- og næringsutvalet, mob. 911 77 724
  • Bergljot Landstad, regional- og næringssjef, tlf. 71 28 02 13 / 900 89 213

_________________________________________________________________________

Samferdselsutvalet onsdag 7. februar

E39 Digernes - Vik - tilleggsutgreiing til   konseptvalutgreiing for strekninga Ålesund - Bergsøya, utbygging av gang- og sykkelvegar i perioden 2018 -2021 og handlingsprogram for samferdsel 2018 er nokre av sakene som utvalet skal behandle. Møtet startar med orienteringar om bypakkane og biogass. 

Tid: Onsdag 7. februar kl. 10.00 (behandlinga av saker startar kl. 13.00)
Stad: Rom 700, Fylkeshuset i Molde

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her.

Kontaktpersonar: 

  • Kristin Marie Sørheim (Sp), leiar samferdselsutvalet, mob. 952 86 060 
  • Arild Fuglseth, samferdselssjef, tlf. 71 28 02 67 / 915 30 085

________________________________________________________________

Kultur- og folkehelseutvalet onsdag 7. februar

Kulturtilskot 2018, handlingsprogram for kultur 2018 og fylkeskommunale tilskot til kulturminne og kulturmiljø med regional og høg lokal verdi, er nokre av sakene som utvalet skal behandle. Møtet startar med orienteringar om satsing på digital formidling av historie og arbeidet og forslag til satsingsområde i ny «Kunstpolitikk Møre og Romsdal»

Tid: onsdag 7. februar kl. 10.30
Stad: Møterom 102, Fylkeshuset i Molde

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her.

Kontaktpersonar: 

  • Marit Nerås Krogsæter (Sp), leiar kultur- og folkehelseutvalet, mob. 918 32 844
  • Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef, tlf. 71 28 03 38 / 482 81 547

______________________________________________________________________

Utdanningsutvalet torsdag 8. februar

Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping 2018, rullering av skoleruta og Karriere Møre og Romsdal, er nokre av sakene som utvalet skal behandle. 

Tid: torsdag 8. februar kl. 10.30
Stad: Rom 700, Fylkeshuset i Molde

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her.​

Kontaktpersonar:

  • Bjarne Storfold Elde (Ap), leiar utdanningsutvalet, mob. 970 97 29
  • Erik Brekken, fylkesutdanningssjef, tlf. 71 28 03 70 / 481 31 291