Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Forventar at divisjonskontoret for veg blir lagt til Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post

Forventar at divisjonskontoret for veg blir lagt til Møre og Romsdal

Eit samla fylkesutval har store forventningar til at divisjonskontor for veg blir lagt til fylket.

Fylkesordførar Jon Aasen og resten av fylkesutvalet er sterkt uroa for at viktige arbeidsplassar skal forsvinne ut av fylket. 
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Ved behandling av ein uttale om framtidig lokalisering og organisering av Statens vegvesen, var eit samla fylkesutval tydelege på at her må ein gjere ein god tverrpolitisk jobb for å sikre at arbeidsplassane blir i fylket.

-Møre og Romsdal har i dag hovudkontor for region Midt, og med den komande omorganiseringa er vi sterkt uroa for at viktige arbeidsplassar skal forsvinne ut av fylket. Dette kan ikkje vi som fylkespolitikarar akseptere, seier fylkesordførar Jon Aasen.

250 arbeidsplassar «sett i spel»

Møre og Romsdal har per i dag underdekning av statlege arbeidsplassar innanfor dei aller fleste statlege etatsområda. Gjennom den føreslåtte nye organiseringa av vegvesenet, blir 250 statlege arbeidsplassar «sett i spel» i vårt fylke. Det vil seie at av dagens 370 arbeidsplassar går om lag 120 til fylkeskommunen, og dei 250 andre skal organiserast og lokaliserast i omorganiseringsprosessen som no pågår i Statens vegvesen.

Kompetansen fins her allereie

Fylkesutvalet meiner at det er naturleg at Møre og Romsdal får tildelt divisjon for veg. Den kompetansen som er innan dette området, er allereie bygd opp ved dagens regionkontor i Møre og Romsdal. -Med den bredde av vegoppgåver som er tiltenkt divisjon for veg som bruer, tunnelar, ferje, ras osv. er det heilt klart at denne divisjonen må leggast til fylket, seier Aasen.

Sjå heile saka og uttalen her.