Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Fylkeskulturprisen 2017 går til Margaret Alice Rensvik

Kontaktperson

Marit Nerås Krogsæter
leiar i kultur- og folkehelseutvalet
mob. 918 32 844

Fylkeskulturprisen 2017 går til Margaret Alice Rensvik

Eit samrøystes kultur- og folkehelseutval har tildelt Margaret Alice Rensvik fylkeskulturprisen for 2017. Prisen blir delt ut under opninga av fylkestinget i Molde, 11. desember.

Foto: Espen A. Istad / TIBE

Bidragsytar til kulturlivet i Møre og Romsdal gjennom nesten 40 år.

Margaret Alice Rensvik er født i England i 1941. Ho er utdanna pianist, akkompagnør og musikklærar med diplom i song i tillegg. Rensvik er uteksaminert ved Englands leiande musikkutdanningsinstitusjon Royal Acadamy of Music i London. Ho kom til Norge i 1978 som musikklærar ved Atlanten vidaregående skole og engasjerte seg frå første stund i musikklivet, både lokalt og regionalt.

-Margaret Rensvik har på ein heilt spesiell måte kombinert eit ideelt arbeid med barn, unge og amatørar, samstundes som ho har hatt eit høgt profesjonelt nivå som utøvar. Ein kombinasjon som i høg grad har vore med på å heve nivået på musikkutøving, både i Kristiansund og resten av fylket. Ho har bidrege til ein særs positiv utvikling av kulturlivet i fylket, seier leiar av kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Eit sterkt engasjement for musikklivet i fylket

Rensvik starta i Operaen i Kristiansund som pianist for operakoret. Seinare vart ho engasjert som operarepetitør og dirigent for operakoret. Ho har også vore medlem av operaen sitt repertoarrådet i mange år. Fram til 1995 var ho medlem av Kristiansund Symfoniorkester og medverka som pianist, cembalist, organist og slagverker – alt etter behov og på frivillig basis. Ho har også vore medlem av orkesterets programråd. Seinare år har ho fleire engasjement som klaversoslist med orkesteret. Rensvik legg ned eit stort frivillig arbeid for Kristiansund Kirke Kunst og Kulturfestival, og  har sidan 2009 vore dagleg leiar for festivalen.

 - Rensvik sitt arbeid med barn og unge har vore epokegjerande i musikalsk samanheng. Ho har og har hatt evna til å engasjere både unge og vaksne. Det som kjenneteiknar Rensvik, er at ho tek initiativ, byggjer opp og er ein tydleg medspelar i alt ho engasjerer seg i. Ho står aldri i første line, men er ein viktig berebjelke  for dei mange tiltak ho har satt i gang og bygd opp, seier Nerås Krogsæter